Opna hovudmenyen

Torkil Damhaug (fødd 1958 i Lillehammer) er ein norsk kriminalforfattar og psykiater.

Torkil Damhaug
Nasjonalitet Norsk
Fødd 1958
Lillehammer
Yrke Psykiater
Periode 1996-
Sjanger Kriminallitteratur
Debut Flykt måne

Han debuterte i 1996 med kriminalromanen Flykt måne og har sidan fått utgjeve fem romanar til.[1] Tre av bøkene er selde til utlandet og har kome ut på mellom anna tysk, fransk og russisk.[1]

Damhaug er utdanna lækjar og psykiater og har arbeidd i Lofoten og på psykiatriske institusjonar i Akershus.[1] Han har også studert litteraturvitskap og antropologi.[2] Han er oppvaksen i Lørenskog kommune.

Bøkene hans har fått ros for å ha djuptloddande menneskeskildringar og spanande handling.[3] Han fekk Rivertonprisen for 2011 for Ildmannen.[4]

BøkerEndra

  • 1996 – Flykt måne – Kriminalroman
  • 1999 – Syk rose – Kriminalroman
  • 2006 – Overlord – Kriminalroman
  • 2007 – Se meg, Medusa – Kriminalroman
  • 2008 – Døden ved vann – Kriminalroman
  • 2011 – Ildmannen – Kriminalroman
  • 2013 – Sikre tegn på din død – Kriminalroman

Litterære prisarEndra

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 ««Torkil Damhaug»». Nettstaden til Cappelen Damm. Henta 18. mars 2012. 
  2. ««Torkil Damhaug, forfatter»». Volapûk, pluto.no. Henta 18. mars 2012. 
  3. ««Torkil Damhaug»». snl.no. Henta 18. mars 2012. 
  4. Marie L. Kleve og Maiken Nøtsund Fotland (20. mars 2012). ««Han har skrevet årets beste krimroman»». dagbladet.no. Henta 20. mars 2012. 

BakgrunnsstoffEndra