Torkild Brakstad

norsk fotballspelar

Torkild Brakstad (20. september 194514. mai 2021)[1][2] var ein norsk fotballspelar og -trenar.

Torkild Brakstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. september 1945
Molde kommune
Død 14. mai 2021 (75 år)
Molde
Idrett fotball

Karriere

endre

Han spelte, som broren Erik Brakstad, for heimbyen sin Molde. Han spelte på A-laget frå 1962 til 1978, derav 104 kampar i eliteserien 1974–78 og 12 mål. Han representerte òg Noreg sitt herrelandslag i fotball ved tre kampar i 1974.[3] Brakstad var trenar i Molde i fleire periodar som spelande (1969–74 og 1976) og hovudtrenar (1980–81, 1986). Frå 1983 til 1984 trente han Tromsø der han la grunnlaget for opprykket til 1. divisjon fotball for menn 1985, og hadde to korte opphald i Rosenborg og Molde (1986).

Brakstad var utdanna adjunkt og lærar i Molde kommune.

Kjelder

endre
  1. «Tidligere Molde-, TIL- og RBK-trener død». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 15. mai 2021. 
  2. «Torkild Brakstad er død». Molde. Henta 15. mai 2021. 
  3. «Kampstatistikk: Torkild Brakstad». Norges Fotballforbund. Henta 29. desember 2022.