Torlaug Løkensgard Hoel

Torlaug Løkensgard Hoel (fødd i 1939) er ein norsk professor emeritus i skriving, pedagogikk og norsk didaktikk ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet NTNU.

Torlaug Løkensgard Hoel
Fødd1939
NasjonalitetNoreg
InstitusjonarNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
BarnOddmund Løkensgard Hoel

Ho vart cand.mag. ved Universitetet i Oslo i 1966 og cand.philol. same staden i 1973 med hovudoppgåva Draumen om frigjering: eit hovudtema i Hans Børlis lyrikk i nordisk. I 1995 vart Hoel dr. art. ved Universitetet i Trondheim på avhandlinga Elevsamtalar om skriving. Responsgrupper i teori og praksis.[1]

Hoel arbeidde som adjunkt ved Gerhard Schønings vidaregåande skule frå 1967 og seinare som lektor. Ho var amanuensis/førsteamanuensis ved Pedagogisk seminar, Universitetet i Trondheim (i dag Program for lærarutdanning, NTNU) frå 1980, og professor frå 1999. Frå 2002 til 2005 var ho prodekan ved Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing. Torlaug Løkensgard Hoel er medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

I 2012 fekk Torlaug Løkensgard Hoel og Sissel Lie NTNUs likestillingspris for innsatsen sin gjennom fleire år, der dei har halde fleire opprykkurs for kvinnelege forskarar i førsteamanuensisstillingar, vore mentorer i NTNU sine mentorprogram og halde skrivekurs for kvinnelege stipendiatar.[2]

Bibliografi endre

Utvalde bøker endre

  • 1990 Skrivepedagogikk på norsk. Prosessorientert skriving i teori og praksis. Cappelen ISBN 978-82-021-2391-8
  • 2000 Skrive for å lære, med Olga Dysthe og Frøydis Hertzberg. Abstrakt forlag. ISBN 978-82-7935-293-8
  • 2008 Skriving ved universitet og høgskolar. Universitetsforlaget ISBN 978-82-150-1339-8
  • 2008 Det store spranget: ny som lærer i skole og barnehage, med Brit Hanssen, Rachel Jakhelln og Sissel Østrem. Tapir akademisk forlag. ISBN 978-82-519-2282-1

Kjelder endre

  1. «Torlaug Løkensgard Hoel - ein lærar som lyttar». Universitetsavisa. 24. november 2006. Arkivert frå originalen 23. april 2016. 
  2. «Likestillingsprisen 2012». ntnu.no. 

Bakgrunnsstoff endre