Tornirisk

art av sporvefuglar

Tornirisk (Linaria cannabina) er ein fugl i finkefamilien. Han finst i Nord-Afrika, Europa og Asia. I Noreg hekkar han for det meste i låglandet på Austlandet, langs sørlandskysten og i Rogaland og Hordaland.[2]

Tornirisk
Tornirisk (hann) Foto: Martin Mecnarowski
Tornirisk (hann)
Foto: Martin Mecnarowski
Hoe
Hoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Tornirisk
Utbreiinga av Tornirisk
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Slekt: Linaria
Art: Tornirisk L. cannabina
Vitskapleg namn
Linaria cannabina
Torniriskungar i reiret i Slovenia.

Hoa byggjer reir og legg 3-6 egg. Under ruginga vert ho mata av hannen. Etter 11-12 døgn vert ungane klekt. Dei blir i reiret 11-12 døgn og vert mata med ugrasfrø. To kull er truleg vanleg.

Tornirisk er ein trekkfugl som reiser i september til november. Han overvintrar i Sør-Europa. Vårtrekket skjer i mars-april.

Kjelder

endre
Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av tornirisk Linaria cannabina for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tornirisk
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Carduelis cannabina