Torstein Jøssang
Torstein Jøssang (fødd 31. oktober 1933 på Jørpeland) er ein prisløna norsk fysikar, kjent for sine arbeid i materiallære.
Torstein Jøssang | |||
Fødd | 31. oktober 1933 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | fysikar, professor | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Etter examen artium frå Bryne vidaregåande skule 1953 vart det cand.mag. 1959 og cand.real. 1962 frå Universitetet i Oslo der han fekk dr.philos. 1968 på avhandlinga Dislocations and Dissociated Dislocation Configurations in Face Centered Cubic Metals. Etter to år ved Ohio State University var han amanuensis i Oslo 1965-69, førsteamanuensis 1969-87 og frå 1987 professor i faststoff-fysikk.
Han har studert korleis fraktale strukturar blir til i material med uorden, og med Jens Feder starta han i 1973 prosjektet Kooperative fenomener som studerte korleis små fenomen skapar store fenomen.
Verv og utmerkingar
endre- NAVF-prisen for fremragende forskning i 1990, 2,5 millionar kroner delt med Jens Feder
- Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning 1990 på kroner 30 000 delt med Jens Feder for «deira flotte studiar av fysikken i porøse medium og for innsatsen deira innanfor faststoff- og materialfysikk»
- Universitetet i Oslo sin læringsmiljøpris i 1991 på kroner 50 000. Delt med Jens Feder.
- IBMs fysikkpris på 30 000 kroner 1992. Delt med Jens Feder.
- styreformann og vitskapleg leiar for «Senter for Grunnforskning» ved Det Norske Videnskaps-Akademi i oppbyggingsåra frå 1993 til 2000
- fagredaktør i «Physica Scripta» under The Royal Academy of Science, Stockholm. Bortreist på dagen.
- innvald i Det Norske Videnskaps-Akademi
- titulær medlem av Académie Européenne des Sciences, des Arts et des Lettres, Paris.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Torstein Jøssang» frå Wikipedia på bokmål, den 9. november 2013.