Torsten Voss

Torsten Voss (fødd 23. mai 1963) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar og bobkøyrar frå Güstrow i Mecklenburg-Frampommern. Han vart verdsmeister i tikamp i 1987 og tok OL-sølv i same øvinga i 1988. I bobsleigh vart han europameister i firarbob 1998 og 2001 og han vann tre VM-medaljar i øvinga perioden 1995-97. Voss tevla for Aust-Tyskland i friidrett og for det samla Tyskland i bobsleigh.

Torsten Voss

Bundesarchiv Bild 183-1982-0124-013, Torsten Voß.jpg

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 24. mars 1963 (59 år)
Güstrow
Idrett bobsleigh, friidrett
Tok del i

Vinter-OL 1998, Sommar-OL 1988

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv, Sportsman of the year

FriidrettEndra

Voss tok sølv i tikamp i junior-VM 1981. Året etter sette han med 8 387 poeng ny juniorverdsrekord, ein rekord som stod i i 34 år. I 1985 vann han europacupen i tikamp i Krefeld. Etter å ha vorte nummer fire i friidretts-EM 1986, langt unna tettaste medaljestriden, presterte han under verdsmeisterskapen 1987 i Roma sitt livs beste tikamp, med 8 680 poeng slo han nestemann, vesttyskaren Siegfried Wentz med over 200 poeng. I Sommar-OL 1988 tok Voss sølvmedaljen etter å ha oppnådd 8 399 poeng, landsmannen Christian Schenk vann med ein margin på 89 poeng.

Voss var austtysk meister i tikamp 1982, 1983, 1987 og 1990.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

BobsledeEndra

Frå 1994 tevla Voss i bobsleigh. Både i 1995 og 1996 var han med å vinne VM-bronse i firarbob, høvesvis i Winterberg og i Calgary. I 1996 vann han EM-sølv i øvinga i St. Moritz. Vinteren 1997 tok han og lagkameratane Dirk Wiese, Christoph Bartsch og Michael Liekmeier sølvmedaljen i firarbob ved VM i St. Moritz og på bronsen i EM i Königssee. I 1998 vart Voss og lagkameratane Harald Czudaj, Steffen Görmer og Alexander Szelig europameistrar, medan laget hans enda på åttandeplassen under Vinter-OL i Nagano. Der etter vann Voss i firarbob bronse i EM 1999 i St. Moritz, gull i EM 2001 i Königssee saman med Matthias Benesch, Udo Lehmann og Alexander Szelig. Voss la opp etter han og laget tok bronsen i EM 2002 i Cortina d'Ampezzo.

KjelderEndra