Torvikbukt
Torvikbukt er ein tettstad i Gjemnes kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg ved Bergsøyfjorden, sør for munningen av Batnfjorden og har 246 innbyggjarar per 1. januar 2017.
Torvikbukt | |||
tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Gjemnes | ||
Areal | 0,38 km² | ||
Folketal | 246 (2022) | ||
Folketettleik | 647 / km² | ||
Postnummer | 6639 TORVIKBUKT | ||
![]() Torvikbukt | |||
Wikimedia Commons: Torvikbukt | |||
I Torvikbukt ligg maling- og lakkfabrikken Gjøco AS, den største industribedrifta i Gjemnes. Her ligg også Høgtun folkehøgskole, ein kristeleg folkehøgskule med omkring 95 elevar i året.[1] Tettstaden har ein privat barneskule, Torvikbukt skule. Denne skulen vart etablert i 2009 etter at den offentlege Torvik skole vart lagt ned. Torvikbukt skule leiger dei gamle lokala til Torvik skole av kommunen.
Torvikbukt har daglegvarebutikk, småbåthamn, idrettsanlegg og barnehage. Tettstaden ligg attmed fylkesveg 666, som går mellom Batnfjordsøra og Eidsvåg.
Bilete frå Torvikbukt endre
-
Torvikbukt i april 2007
-
Gjemneshallen og litt av Torvikbukt skule, tidlegare Torvik skole
Kjelder endre
- ↑ «Torvikbukt». Store norske leksikon. 10. november 2015. Henta 17. april 2018.