Total War: Shogun 2

Total War: Shogun 2 er eit strategispel utvikla av The Creative Assembly og utgjeve av Sega den 15. mars 2011.[1]

Total War: Shogun 2
Utviklar(ar)Creative Assembly
Utgjevar(ar)Sega, Feral Interactive
DistributørSteam, Humble Store
Komponist(ar)Jeff van Dyck
SerieTotal War
Siste versjon1.1.0 build 5607.339135
Plattform(er)Microsoft Windows, macOS, Linux
Utgjeving15. mars 2011
Sjangersanntidsstrategi-spel, turbasert strategispel, sanntidstaktikk
Spelemoduseinspelar, fleirspelar, samarbeid
AldersgrensePEGI 16
Nettstadhttp://www.totalwar.com/shogun2
Del av serien Total War⠀
←Napoleon: Total War, Shogun: Total War  · Total War: Rome II→

Spelet går føre seg i Japan på 1500-talet under Sengoku-perioden.

Omfang endre

Spelet går føre seg i Japan under Sengoku-perioden, der Japan er splitta mellom fleire rivaliserande klanar. Shogun 2 har tre modusar slag, einspelarkampanje og avatar conquest.

Slag kan man spele både aleine eller med ein eller fleire spelarar over nett. Du kan også spele historiske scenario og brukardefinerte scenario. Slaga skjer på eit 3D-areal der spelaren og motstandaren kan bevege troppar rundt. Det kan vere opptil 3 spelarar på kvar side.

Kampanjen let spelaren ta over ein av dei spelbare nasjonane og prøve å bli shogun. Spelaren må bruke både hæren og flåten sin for å vinne over dei andre klanane. Ein må erobre Kyoto og halde eit visst tal byar og festningar for å bli shogun.[2] Man kan også spele med andre i fleirspelarkampanjer. Spelerane kan både spele på lag eller mot kvarandre.

Avatar conquest er ein fleirspelarmodus der spelaren tar over eit brett av japan. Spelaren tar over territorium ved å sigra over andre spelarar.

Utvidingar endre

Rise of the Samurai endre

Rise of the Samurai er sett 400 år før Sengoku-perioden.

Fall of the Samurai endre

Fall of the Samurai er ei uavhengig utviding for Shogun 2. Det betyr at du ikkje treng å eige Shogun 2 for å spele Fall of the Samurai. Utvidinga starter i 1864. Det er over 30 nye tropper som er delt inn i kategoriene tradisjonelle og moderne. Spelaren må enten ta side med shogunen eller keisaren. Spelaren kan også erklære ein sjølvstendig republikk som er ekstra vanskeleg.[3]

Kjelder endre

  1. Froholt, Joachim (15. november 2010), «Shogun 2 får dato», Gamer.no (på norsk), henta 27. oktober 2020 
  2. Kjørmo, Marius (15. mars 2011), «ANMELDELSE: Total War: Shogun 2», Gamer.no (på norsk), henta 27. oktober 2020 
  3. Jentoftsen, Marius (11. april 2012), «ANMELDELSE: Total War: Shogun 2: Fall of the Samurai», Gamer.no (på norsk), henta 27. oktober 2020