Totternhoe Knolls
51°53′19″N 0°34′44″W / 51.8887°N 0.5789°W
Totternhoe Knolls | |||
ås | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Totternhoe Knolls 51°53′19″N 0°34′44″W / 51.8887°N 0.5789°W | |||
Wikimedia Commons: Totternhoe Knolls |
Totternhoe Knolls er ein kalksteinås som ligg nordvest for landsbyen Totternhoe i Bedfordshire i England. Restane av eit slott frå mellomalderen ligg på åsen.[1] Han har status som Site of Special Scientific Interest, som eit døme på kalkslette.[2]
På vestsida av åsen låg det i mellomalderen eit steinbrot for Totternhoe-stein. Dette området vert kalla Little Hills og teke var på av Wildlife Trust for Bedfordshire, Cambridgeshire, Northamptonshire and Peterborough som eit naturreservat.[3]
Totternhoe Castle
endreTotternhoe Castle var eit normannisk motte-and-bailey-slott frå 1000-talet. Det låg ovanfor landsbyane Eaton Bray og Stanbridge. Normannane flata ut toppen av åsen og skapte eit vidt område med kalksletter. Festninga, på toppen av jordhaugen, var omringa av ein mur, først av tømmer og seinare av stein.
Staden vart grave ut mellom 1921 og 1932 og igjen i 2001. I 2001 oppdaga ein at slottet var bygd over ei førhistorisk og romersk inngjerding.
Staden har status som scheduled monument. Berre festningsvollane er igjen etter slottet.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Totternhoe Knolls» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ J. Dyer, Bedfordshire, Shire County Guide 12, ISBN 0-85263-858-2, 1987, s. 11.
- ↑ Natural England, Totternhoe Knolls.
- ↑ Wildlife Trust, Totternhoe Knolls and Totternhoe Quarry; Wildlife Trust, Blooming gorgeous in Bedfordshire.
- ↑ The Gatehouse, Totternhoe Castle.
Bakgrunnsstoff
endre- BBC Beds, Herts and Bucks, Totternhoe Knolls.
- Chilterns Conservation Board, Totternhoe Knolls Arkivert 2011-06-13 ved Wayback Machine..
- M. Fearon, Totternhoe Knolls Bedfordshire England.
- English Heritage, Record of Scheduled Monuments, Totternhoe Castle.
- GENUKI, Totternhoe.