Toul
Cathédrale Saint-Étienne de Toul
Cathédrale Saint-Étienne de Toul
Byvåpenet til Toul
Byvåpenet til Toul
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Lorraine
Meurthe-et-Moselle
Geografi
Flatevidd
 - By

30,59 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

16 945
  554/km²
Koordinatar 48°40′″N 05°53′″EKoordinatar: 48°40′″N 05°53′″E
Høgd over havet 215 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 54200
Heimeside: www.mairie-toul.fr

Toul er ein festningsby og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Meurthe-et-Moselle i regionen Lorraine, og har om lag 17 000 innbyggjarar.

GeografiEndra

Toul ligg mellom Commercy og Nancy, og mellom elva Moselle og Canal de la Marne au Rhin.

HistorieEndra

Toul vart kalla Tullum Leucorum av romarane, og var hovudstad for den galliske stamma Leuci.

I 612 slo Kong Teodebert II av Austrasia Kong Teoderik II av Burgund nær Toul. Etter Meerssentraktaten i 870 vart Toul ein del av Austfrankariket, seinare Det tysk-romerske riket seint i mellomalderen. Her vart han ein fri keisarby. Toul vart annektert av Frankrike av Kong Henrik II i 1552. Dette vart godkjend av Det tysk-romerske riket i Freden i Westfalen i 1648. Han vart då ein del av den franske provinsen Trois-Évêchés.

Siste gong Toul nytta festninga si var under omleiringa i 1870 i den fransk-prøyssiske krigen, og om morgonen 23. september opna 64 kanonar eld, og festninga overgav seg om ettermiddagen etter at 2 433 prosjektil hadde vorte avfyrt.

Toul var sete for eit bispedøme frå rundt 410 til 1807.

BakgrunnsstoffEndra