For andre tydingar av oppslagsordet, sjå namnet Nancy.

Nancy (tysk dialekt Nanzig; luxembourgsk Nanzeg) er ein by nordaust i Frankrike og prefecture (hovudstad) i departementet Meurthe-et-Moselle i regionen Lorraine.

Nancy
Horisonten til Nancy
Horisonten til Nancy
Byvåpenet til Nancy
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Lorraine
Meurthe-et-Moselle
Grunnlagd Rundt 1050
Geografi
Flatevidd 15,01 km²
Flatevidd
 - By

15,01 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik
 - Storbyområde

105 400
  6 902/km²
410 509 (1999)
Koordinatar 48°41′36″N 06°11′04″E / 48.69333°N 6.18444°E / 48.69333; 6.18444
Høgd over havet 212 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.nancy.fr

Byen har i overkant av 100 000 innbyggjarar, men i 1999 hadde storbyområdet etter ei folketeljing 410 509 innbyggjarar.

Historie endre

Dei tidlegaste spora etter busetnadar i området går tilbake til 800 fvt. Her var lett tilgang til jernmalm og ein vadestad i elva Meurthe, noko som sannsynlegvis var årsaka til at folk busette seg her. Ein liten festningsby kalla Nanciacum (Nancy) vart bygd av hertug Gérard rundt 1050.

 
Place Stanislas i Nancy

Nancy vart plyndra av keisar Frederik II av Det tysk-romerske riket på 1200-talet, og vart så bygd opp att i stein dei neste hundreåra då han vart ein viktigare by som hovudstad i Hertugdøme Lorraine. Karl den modige leid nederlag og var drepen i Slaget ved Nancy i 1477.

Då hertug Stanislas døydde i 1766, vart hertugdømet ein fransk provins og Nancy haldt fram med å vere hovudstaden. Då regionen Lorraine vart oppretta på midten av 1900-talet vart Metz vald som hovudstad i staden for Nancy.

Attraksjonar endre

Place Stanislas, Place de la Carrière og Place d'Alliance vart lagt til UNESCO si verdsarvliste i 1983.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nancy