Árgos
Árgos Lokalt namn Άργος | |
---|---|
![]() Utsyn over Árgos frå det gamle amfiteateret. | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Peloponnes |
Koordinatar | Koordinatar:
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining Kommune |
Peloponnes Argolída Trípoli |
Hovudsete | Árgos (22 209 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 27 050 (2011[1])
|
Árgos (gresk Άργος) er ein by på Peloponnes i Hellas. Byen ligg i nærleiken av Návplio, som var den historiske hamna til byen, kalla opp etter Nauplios. Árgos var tidlegare eigen kommune, men inngår frå 2011 i kommunen Árgos-Mykínes i periferieininga Argolída i periferien Peloponnes, der han er hovudsete.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunaleininga Árgos 27 050 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 22 209 innbyggjarar.[1]
NamnetEndra
Namnet stammar frå tida før grekarane, til liks med namnet på akropolisen, Lárisa. Etymologisk stammar det frå ein mytologisk grunnleggar kalla Argos, son av Zevs og Niobe.
Innbyggjarane i Árgos vart kalla Αργεῖοι, Argīvī på latin.
HistorieEndra
AntikkenEndra
Ei neolitisk busetnad låg nær den sentrale heilagdomen i Argolis. Heilagdomen var tileigna «argiviske Hera». Hovudfestivalen i tempelet var Hekatombaia, ei av dei viktigaste markeringane i sjølve Árgos. Walter Burkert (Homo necans, s. 185) knytte festivalen med myter til Hermes sitt drap av Argus Panoptes. Det har vore spekulasjonar om at Hermes sitt epitet argeifontes som vart forstått som «argusdreparen» veldig tidleg, faktisk er knytt til adjektivet argós, «skimrande» eller «rask», frå rota arg- (urindoeuropeisk språk: *arǵ-, dermed òg argyros, «sølv») med tydinga «skinande klår» eller liknande, og berre sekundært knytt til stadnamnet eller den mytologiske Argus.
Árgos var ein viktig festning i mykensk tid, og vart saman med nabobyane Mykene og Tiryns (Tíryntha) svært tidlege busetnadar på grunn av plasseringa deira midt på den fruktbare sletta i Argolis.
På Homer tid høyrte han til ein av av tilhengarne til Agamemnon og gav namnet sitt til dei omkringliggande distrikta, argolidiske, som romarane kjende som Argeia. Historia til Árgos var knytt til Sparta etter 500-talet fvt.
På grunn av at byen nekta å delta i persarkrigane vart Árgos skydd av nesten alle dei andre bystatane. Árgos vart verande nøytral eller den ineffektive allierte til Aten under kampane mellom Sparta og Aten på 400-talet fvt.
MellomalderenEndra
På 1100-talet vart det bygd ei borg på høgda Lárisa, staden der den antikke akropolisen, kalla Kástro Lárisa, låg. Árgos kom under krossfararar, så til venetianarane og vart erobra av Det osmanske riket i 1463. Morosini erobra han for Venezia i 1686, men han vart gjenerobra av osmanarane i 1716. Han vart ein del av kongedømet Hellas etter den greske sjølvstendekrigen.
Árgos i dagEndra
Ifølgje den greske folketeljinga frå 2011 har sjølve byen vel 22 000 innbyggjarar. Han er den største byen i periferieininga, ein av dei få periferieiningane i Hellas der den største byen har større folketal enn hovudstaden.
Store delar av byen har overlevd og er populære turistattraksjonar. Men det er landbruk som er den hovudnæringa i området, der sitrusfrukt er den viktigaste avlingen. Oliven er òg populære her.
ReferansarEndra
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Kallikratis-reforma (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 22. november 2010, henta 22. november 2010
BakgrunnsstoffEndra
- Offisiell heimeside Arkivert 2018-12-04 ved Wayback Machine.
KjeldeEndra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Argos frå Engelsk Wikipedia .