Transsubstansiasjon

Transsubstansiasjon er eit omgrep som har vore nytta i katolsk kyrkjeleg samanheng sidan mellomalderen om ei tru som går ut på at Kristi lekam og blod verkeleg er til stades i brødet og vinen under nattverden. Ein skilde då mellom «substans» (i tydinga «vesen») i brødet og vinen og det som vart rekna som «tilfeldige eigenskapar» ved brødet og vinen. Substansen i brødet og vinen vart omgjord til Kristi lekam og blod under presten si bøn når han innvigde brødet og vinen under messa, medan det som vart rekna som dei tilfeldige eigenskapane, utsjånaden, lukta og smaken, vart uendra.

Ifølgje katolsk lære blir brødet og vinen faktisk til Jesus Kristi kropp og blod under transsubstansiasjonen.

«Ved konsekrasjonen skjer transsubstansiasjonen av brødet og vinen til Kristi legeme og blod. Under brødets og vinens vigslede skikkelser er Kristus selv, levende og herliggjort, til stede på en sann og virkelig måte med hele sitt vesen, Hans legeme og blod, med sjel og med guddom.»

Den katolske kirkes katekisme, nr 1413

Læra om transsubstansiasjonen vart vedteke på Laterankonsilet i 1215 etter sterke meiningsbrytingar, men dei same ideane har vore praktisert som grunnlag for nattverden av mange prestar før denne tida òg.

I seinmellomalderen vart det òg tale om konkomitans i samband med transsubstansiasjonen, det vil seie at heile Kristus, både lekamen hans og blodet hans, er til stades i det innvigde og omgjorde brødet. Dette skulle gjere greie for kvifor det ikkje var naudsynt at kyrkjelyden fekk anna enn brødet under nattverden, medan prestane fekk både brødet og den innvigde vinen, slik det vart praktisert etter gamal skikk, og framleis vert gjort i mange katolske kyrkjesamfunn. Ifylgje læra om konkomitans skulle og lekfolket soleis vere viss på at dei hadde fått del i heile Kristus, sjølv om dei ikkje fekk drikke den innvigde vinen.

Martin Luther og dei reformerte kyrkjene som nytta læra hans som grunnlag, meinte at det rette omgrepet måtte vere konsubstansiasjon, som gjekk ut på at substansane til brødet og Kristi lekam eksisterer saman, altså at Kristi lekam og blod er til stades i den heilage nattverden samstundes med at brødet og vinen held fram med å vere brød og vin.