Transilvania

(Omdirigert frå Transylvania)

Transilvania (rumensk Ardeal, eller Transilvania, ungarsk Erdély, tysk Siebenbürgen, serbisk Трансилванија (Transilvanija) eller Ердељ (Erdelj)) er ein historisk region i Sentral-Europa i den austlege halvdelen av Det karpatiske bekkenet i sentralt og vest i dagens Romania og dei austlegaste delane av Ungarn. Den historiske regionen grensa i aust og sør til Karpatane og i vest til Apusenifjella, men sidan 1919 har Transilvania òg omfatta delar av dei historiske regionane Crişana og Maramureş i nordvest og dei austlege områda av Banat som ligg i Romania.

Kart over Romania med Transilvania i gult.

Utanfor Romania er området ofte assosiert med romanen Dracula,[1][2][3], medan området i Romania og Ungarn er kjend for den vakre naturen i det karpatiske landskapet og den rike historia.

Historie endre

Området vart lagt under ungarske kongar på 1000-talet, og for å styrke stillinga si inviterte dei tyske nybyggjarar på 1100- og 1200-talet. Det var tre anerkjente «nasjonar» i området, ungararar, tyskarar (Siebenbürgen-saksarar) og szeklarar. Namnet Siebenbürgen skriv seg frå sju festingsbyar som dei tyske nybyggjarane grunnla.

Området vart eit eige fyrstedøme under osmansk lensoverhøgd i 1541, etter det ungarske nederlaget i slaget ved Mohács, men i 1691 vart det eit habsburgsk kronland. I 1867, då personalunionen Austerrike-Ungarn vart oppretta, vart området formelt ein del av det habsburgske kongedømet Ungarn. Etter første verdskrig vart det derimot avstått til Romania. Ved tysk og italiensk mellomkomst vart ein del av provinsen igjen ungarsk i 1940, men etter 1945 vart dette området igjen avstått til Romania.

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Romania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.