Tre systrer-metoden

Tre systrer-metoden viser til samdyrkinga av dei tre hovudvekstane for fleire grupper amerikanske urfolk: mais, graskar og klatrande bønner.

Illustrasjon av tre systrer-metoden
Tre systrer-vekstane avbilda på den amerikanske Sacagawea-dollarmynten frå 2009

Når desse tre vekstane blir planta nær kvarandre, oppstår det ein symbiose der kvar av plantane oppnår gjensidige fordelar gjennom kvarandre. Bønnene klatrar opp maisstenglane for å fanga meir lys, fikserer nitrogen frå lufta og bind det i jorda, slik at dei to andre plantane kan bruka det. Graskarblada dekker til jorda kring dei to andre plantane, så ugrasplantar ikkje kan ta over. Samstundes skaper graskarblada eit mikroklima slik at fukta i jorda blir bevart, noko alle tre plantande dreg fordel av. Dei stive små plantehåra på graskarstenglane held òg insekt unna.[1][2][3] Denne gode plantekombinasjonen blir skildra ut frå eit antroposentrisk synspunkt som «tre systrer», altså bevisste vesen som gjennom ein slektskap ikkje øydelegg kvarandre som fiendar, men samarbeider som i ein familie.

Dyrkingsmetoden blei utvikla av dei amerikanske urfolk i løpet av 5000-6000 år. Graskar var den fyrste planten til å bli domestisert i steinalderen av dei amerikanske folkeslaga, for cirka 8 000-10 000 år sidan. Så blei mais og til sist bønneslektene domestiserte, og deretter oppdaga ein den nyttige symbiosen.[2][3][4][5]

Som mat inneheld dei tre systrene samansette karbohydratar, sunne umetta feittsyrer, mineral, vitamin og alle 8 essentielle aminosyrer. Dette gjorde dei til ein viktig, næringsrik kost for mange av dei opphavlege innyggjarane i Amerika.[6] Plantane var så verdifulle at irokesarane og andre stammar brukte dei tre systrene som betalingsmiddel ved byttehandel. Dette blei spegla i preginga av den særskilde Sacagawea-dollarmynten i 2009 i USA, som viser dyrking av dei tre systrene.[7]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Mt. Pleasant, J. (2006). «The science behind the Three Sisters mound system: An agronomic assessment of an indigenous agricultural system in the northeast». I Staller, J. E.; et al. Histories of maize: Multidisciplinary approaches to the prehistory, linguistics, biogeography, domestication, and evolution of maize. Amsterdam. s. 529–537. 
  2. 2,0 2,1 Landon, Amanda J. (2008). «The "How" of the Three Sisters: The Origins of Agriculture in Mesoamerica and the Human Niche». Nebraska Anthropologist (Lincoln, NE: University of Nebraska-Lincoln): 110–124. 
  3. 3,0 3,1 Bushnell, G. H. S. (1976). «The Beginning and Growth of Agriculture in Mexico». Philosophical Transactions of the Royal Society of London (London: Royal Society of London) 275 (936): 117–120. doi:10.1098/rstb.1976.0074. 
  4. Smith, Bruce D. (maj 1997). «The Initial Domestication of Cucurbita pepo in the Americas 10,000 Years Ago». Science (Washington, DC: American Association for the Advancement of Science) 276: 932–934. doi:10.1126/science.276.5314.932. 
  5. «Cucurbitaceae--Fruits for Peons, Pilgrims, and Pharaohs». University of California at Los Angeles. Arkivert frå originalen 16. oktober 2013. Henta 2. september 2013. 
  6. McDougall, John (2002). «Misinformation on Plant Proteins». Circulation (Dallas, Tx: American Heart Association) 106: e148––e148. doi:10.1161/01.CIR.0000018905.97677.1F. 
  7. «2009 Native American $1 Coin». United States Mint. Arkivert frå originalen 12. november 2012. Henta 18. september 2013.