Hagebønne
Hagebønne
Hagebønne
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Hagebønne
Utbreiinga av Hagebønne
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Faboideae
Stamme: Phaseoleae
Slekt: Bønneslekta Phaseolus
Art: Hagebønne P. vulgaris
Vitskapleg namn
Phaseolus vulgaris

Hagebønne (Phaseolus vulgaris) er ein art i planteslekta bønner. Ho er den viktigaste bønnearten i matlaging,[1] og finst i ei rekkje ulike variantar.

Bønna stammar frå Sør-Amerika,[1] men blir no dyrka over heile verda. I Noreg kan ei berre dyrka henne i varmare område.[1]

Det finst mange ulike varietetar av hagebønna. Dei kan vera frå 20 cm til 3 meter høge. Alle varietetane har grøne eller lillafarga blad delt i tre ovale småblad som er 6-15 cm lange og 3-11 cm brede. Dei har blomar som er ca. 1 cm lange og kvite, rosa eller lilla. Belgane er 8-20 cm lange, 1-1,5 cm breie og grøne, gule, svarte eller lilla på farge. Kvar av dei inneheld 4-6 bønner. Bønnene er glatte, nyreforma og opptil 1,5 cm lange. Dei varierer mykje i farge og er ofte spetta i to eller flere fargar.

Høge variantar kan kallast stangbønner (P. vulgaris var. vulgaris) og låge dvergbønner, krypbønner eller buskbønner (P. vulgaris var. nanus).[1] Sortar ein hauster før skolmane er fullt utvikla blir kalla skolmebønner og omfattar sortar som aspargesbønne (små, runde), brekkbønne eller brytbønne (lange, runde), snittebønne (flattrykte) og voksbønne (gule). Sortar ein dyrker for frøa blir kalla frøbønner (t.d. prinsessebønne, brune og kvite bønner).[1]

Hagebønner kan brukast hermetisert eller friske som grønsak. Hagebønner må kokast i minst 10 minutt før dei kan etast. Dei inneheld eit lektinstoff, fytohemagglutinin, som elles kan skapa uro i fordøyingssystemet. Dette lektinet finst i dei fleste av varietetane.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «bønne» (30. desember 2013) i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hagebønne