Trefall er ein gard i Eksingedalen i Vaksdal kommune i Vestland fylke. Han ligg søraust for fjelltoppen Skjerjevasshovden og nordvest for Kvitanosi.

Fakta endre

Fyrste gong Trefall er nemnd i skriftlege kjelder er frå rundt 1640; "plassen der trer låg falne, felt av storm eller alder".[treng kjelde]

Bilvegen kom opp til garden i 1930-åra, og stoppa der eit lite tiår på grunn av krigen. Før bilvegen gjekk store delar av ferdsla til omverda over Nærafjellet frå Nesheim til Brekkus i nabodalføret, vidare til Evanger og Vossebygdene. Målføret dei gamle tala var difor det vi i dag forbind med gamalt vossamål («vossamaol»). Elektrisitet kom til garden i 1955, og telefon om lag på same tida. Hesten var framleis arbeidskraft på garden til opp mot slutten av 60-talet. Trefallstølen blei brukt på gamlemåten til i 1967, som ein av dei siste i dalen.

Kuriosa endre

Staden er kjend for eit tysk fly som styrta oppe på fjellet Kvitanosi under andre verdskrigen.

Bakgrunnsstoff endre

  • trefall.com. Tekst-, bilet- og kartmateriale om garden.