Opna hovudmenyen
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

Eksingadalen (ofte skrive Eksingedalen) er eit fem mil langt dalføre som utgjer den nordre delen av Vaksdal kommune i Hordaland fylke. Dalen er ei typisk jordbruksbygd, og det bur om lag 300 menneske her. Dalføret startar ved bygda Eidslandet, inst i Eidsfjorden, og strekkjer seg fem mil nord-austover til den øvste garden Gullbrå som ligg på 584 moh. Gjennom heile dalen renn elva Ekso, som er ei rik fiskeelv. Fjellaure er å finna i heile elva, og i den nedre delen finst òg laks og sjøaure. Eksingadalen har med Fv569 vegsamband til resten av Vaksdal og til Modalen kommune gjennom Modalstunnelen. På Fv313 over Nesheimsfjellet har Eksingadalen vegsamband til Voss kommune. Det høgste fjellet i Eksingadalen er Kvitanosi med sine 1433 moh. Kvitanosi høyrer geografisk til Eksingadalen, men ligg i Voss kommune. Ved toppen ligg det restar av eit tysk flyvrak som styrta under andre verdskrigen.[1] Innanfor Vaksdal sine kommunegrenser er det høgste fjellet i dalen (og i Vaksdal) Skjerjavasshovden med sine 1264 moh. Til Eksingadalen tilstøyter òg det populære turområdet Stølsheimen. Største vatnet i dalen, som er ein del av elva Ekso, er Bergovatnet på Bergo. På Bergo finn ein òg barnehagen, barneskulen og ungdomsskulen i dalen. På Lavik i Eksingadalen, ca. midt i dalen, er det butikk.

Eksingadalen
stad
Bergovatnet Eksingedalen.jpg
Parti frå staden Bergo og Bergovatnet i Eksingadalen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Vaksdal
Postnummer 5728 EIDSLANDET
Preposisjon i Eksingadalen

Innhaldsliste

Folkerøysting om overføring til Modalen kommuneEndra

14. september 2009, samstundes med Stortingsvalet i 2009, vart det halde folkerøysting i Modalen og Vaksdal kommunar over om Eidslandet og Eksingedalen skulle overførast frå Vaksdal til Modalen kommune. I begge kommunane var det klårt fleirtal for at Eidslandet og Eksingadalen skulle høyre til deira kommune. I Vaksdal var det kring 74 % som stemde mot grensereguleringa,[2] medan det i Modalen var 67 % som stemde for grenseregulering.[3] Det einaste området i Vaksdal kommune der det var fleirtal for grenseendring var i krinsane Eidsland og Eksingadalen.[4]

Fylkesmann i Hordaland, Svein Alsaker, tilrådde i oktober 2009 at kommunegrensa ikkje skulle endrast.[5]

GeografiEndra

Eksingedalen ligg nord i Vaksdal kommune i Hordaland fylke. Dalføret er om lag 48 km langt, og strekkjer seg frå Eidslandet inst i Eidsfjorden til Gullbrå (ca 600 moh) øvst oppe. Dei små bygdene oppover Eksingedalen er i rekkjefølge nedanfrå og oppover: Eidslandet, Eikefet, Eikemo, Høvik, Vetlejord, Nese, Flatekvål og Lavik. Mellom Lavik og Fosse er det to sidedalar med gardsbruk og busetnad, opp Fagerdalsvegen ligg Haugen og Fjellanger, og opp Yksendalsvegen ligg både gardsbruk og feriebustader. Vidare oppover sjølve Eksingedalen ligg så Fosse, Binningebø, Bergo, Nesheim, Brakestad, Trefall, Ekse og Gullbrå. (link til kvar av gardane. Vaksdal historielag.org) Det er om lag 200 innbyggjarar i Eksingedalen. Eksingedalen er trong, vegen oppover dalen er smal og svingete og ligg tett på elva Ekso. Vinteren kan vera svært rik på snø i Eksingedalen, og sommaren eit natureventyr med høge fjell, vill natur og heile 17 fossar i hovudelva. I dalen finn du og innfallsporten til dei populære turområda i Stølsheimen.

Dei fleste såra i naturen etter kraftutbygginga i Eksingedalsvassdraget på 1960- og 1970-talet er grodd til, og kulturlandskapet i dalen er blitt premiert med Kulturlandskapsprisen i 2009. Kjennemerket for dalen er «Levande fosselandskap». Ekso er utvikla til beste elva for fjellaure på Vestlandet, og er eit eldorado for flugefiskarar.

Dalen er omkransa av høge fjell og har fleire sidedalar, slik som Myster, Tverrdalen og Sørdalen i dei vestlige områda, og Fagredalen, Nordalen og Yksendal i dei nordlige områda. I øvre Eksingedalen ved Gullbrå delar dalen seg i Sørdalen, Torvedalen og Grøndalen.

Dei høgaste fjella er Kvitanosi (1433 moh), Grøndalsfjellet (1375 moh), Skredeggi (1324 moh), Høgevarde (1297 moh) og Tindafjell (1251 moh).

Eksingedalen, og kjent som Eksingadalen, kan ha fått namnet frå garden Ekse. Det er òg mogleg at namnet kjem frå treet eik. Sjølv om det er to måtar å skrive namnet på, blir forma «Eksingedalen» brukt av fylkeskommunen, kommunen, i daglegtale, organisasjonar, buss-selskap o.s.b.

Avstand frå Bergen til Eksingedalen er ca. 100 km, rekna fra sentrum i Bergen, over Nordhordlandsbrua, til Romarheim og vidare gjennom Modalstunnelen til Lavik. Frå Voss over Nesheimsfjellet på Fylkesveg 313 er avstanden 56 km til Lavik, som ligg om lag midt i dalen.

Stadar med to skrivemåtarEndra

Fleire stader i Eksingedalen er det to godkjende namn på same stad. Namnet Eksingedalen vart godkjend i 1956, men er ein ikkje tilrådd skrivemåte. Etter vedtak frå Statens Kartverk i 1987 vart skrivemåten Eksingedalen både godkjend og tilrådd. Binningabø er nok eit eksempel på godkjent og tilrådd skrivemåte etter vedtak i Statens Kartverk i 1987. Skrivemåten Binningebø er også godkjend, men ikke tilrådd brukt. Øksendalen er eit anna eksempel. Her brukar både kommunen og Statens Vegvesen skrivemåten Øksendalen, medan den einaste forma som er godkjend av Statens Kartverk i 1987 er Yksendalen. Namnet Vetlejord vart godkjent og tilrådd brukt i 1960. I 1987 vart Veslejordi godkjend. Det er berre forma Vetlejord som vert brukt i daglegtale og av offentlege instansar. Flatekvål, som vart godkjend i 1960, er einaste godkjende forma på denne bygda. I alle samanhengar er det berre namnet Flatekvål som vert nytta.

KlimaEndra

Det er pr. 2013 målestasjonar for nedbør på Nesheim og Gullbrå.

Det Norske Meteorologiske Institutt har nedbørsmålingar frå Lavik, Fjellanger, Nesheim og Gullbrå for ulike tidsperiodar. Det har vore målestasjon på Nesheim sidan 1895. Gjennomsnittleg årsnedbør i normalperioden (1931–1960) ligg på rundt 2100 mm. Den største årsnedbøren vart målt i 1967 og var på 3443 mm. Minste årsnedbør vart målt i 1915 og var på 1140 mm.

Dei vestligaste delane av Eksingedalen ligg innafor dei delane av Vestlandet der det fell mest nedbør. Ved Lavik er middel årsnedbør 2363 mm. Ved Gullbrå er nedbørsmengden 1773. Kombinert med relative låge vintertemperaturar, spesielt i dei austlegaste delane, gjev dette eit betydeleg og langvarig snødekke. Ved Nesheim er middel julitemperatur rundt 13,5 °C og januarmiddeltemperaturen -2,0 °C.

BerggrunnsgeologiEndra

I dei lavareliggande områda er berggrunnen av grunnfjell, og vert dominert av granitt og kvartsitt. Kambro-siluriske fyllittar har innan vassdraget si største utbreiing i fjellområda, spesielt aust for Gullbrå. Fyllittbeltet kryssar elles dalen mellom Norddalen og Gullbrå.

Ekso dominerar EksingedalenEndra

Elva Ekso er dominerande i heile Eksingedalen si lengd – dei 48 kilometrane frå Gullbrå til Eidslandet. I enkelte parti er Eksingedalen opptil 500 meter brei før fjella reiser seg bratt på begge sider. Elles er dalen berre 200-300 meter brei med elva rennande midt i dalbotnen. I hovudelva på denne strekkja, er det 17 fossar, etter NVE sin offisielle definisjon av foss: «Ein foss er ein del av elva der vatnet har et tilnærma loddrett fall. Med tilnærma loddrett fall meiner ein eit fall som er brattare enn 30 grader eller omkring 2 meters fall per meter horisontal lengde.» Etter denne definisjonen er dei 17 fossane frå Gullbrå til Eidslandet desse:

1. Høsefossen

2. Gullbråfossen

3. Trodlafossen

4. Bergofossen

5. Fossfossen

6. Storeglupen

7. Vetleglupen

8. Flatekvålfossen

9. Florsfossen

10. Stavleiefossen

11. Gunnhildfossen

12. Pøylefossen

13. Krakåsfossen

14. Idlefossen

15. Høsefossen

16. Raufossen

17. Eidsfossen

NaturreservatEndra

Nesheimvatnet Naturreservar vart oppretta av Miljødepartementet i 1995 med ei eiga forskrift som gjev detaljerte grenser for kva som er verna og korleis fastbuande og turistar skal ta omsyn til fredingsområdet.

Reservatet ligg på Nesheim, tett inntil fylkesvegen her, og omfattar totalt 112 dekar. Det vil seie rundt ein tredjedel av det samla elve- og våtmarksområdet på Nesheim. Føremålet er å freda eit høgtliggjande typeområde, med god bestand av hekkande grasender.

Det er Fylkesmannen i Hordaland som har ansvaret for forvaltninga av naturreservata. For nokre få av reservata er det utarbeidd ein forvaltningsplan. Naturreservat treng i mange tilfelle vedlikehald og tilpassing til naturen rundt. Det er dette som er grunnlaget for at det einskilde reservat kan få sin eigen og tilpassa forvaltningsplan. Det er eit ynske frå lokalsamfunnet i Eksingedalen at det vert utarbeidd ein forvaltningsplan for Nesheimvatnet Naturreservat, og denne planen kjem truleg i 2014.

HistorieEndra

SteinalderenEndra

Det er sannsynleg at det har ferdast folk i Eksingedalen frå isen trekte seg tilbake (ca 9000 år f.v.t.). Jeger- og sankarfolket i steinalderen fylgde rein og hjort, og det har vore gode høve for jakt i dalen og på fjella. Det er verd å nemne nærliggande Skipshelleren som var tidvis busett i steinalderen og at det er gjort mange funn frå steinalder der. Når det gjeld fastbuande i yngre steinalder/tidleg jordbrukstid, er det lite med fornminne/funn.

Tidleg jordbruk og middelalderEndra

«Pollenanalyser viser at i åra kring Kristi fødsle var det ein sterk jordbruksekspansjon med avskoging og beiterydjing. Desse granskingane gjer det sannsynleg at busetnaden på Flatekvål tok til i det siste tusenåret før Kristi fødsel. Lavik og Flatekvål tykkjest vera temmeleg jamgamle når det gjeld naturvilkår» (Brita Skre, Vaksdal Bygdebok)

Dei eldste skriftlege kjeldene som nemner gardane i Eksingedalen, då spesielt Fjellanger, er frå 1200-talet. «Fjellanger fekk Munkeliv kjøpa på 1200-talet, men klosteret vart dømt til å gje garden frå seg att 1303 av di handelen var ulovleg. Riddaren Ivar Lodinsson i Gloppen i Sunnfjord selde jordegodset som høyrde til heimanfylgjet åt kona, fru Gudrun, utan å varsle henne eller be om samtykkje. Fjellanger var med i denne handelen. Då herr Ivar død, kravde fru Gudrun å få att jordegodset som Munkeliv hadde kjøpt. Det var ein lang strid om dette.» (Brita Skre, Vaksdal Bygdebok og Monasterii Sancti Michaelis)

Svartedauden og tida etterEndra

Svartedauden herja i Eksingedalen som den gjorde elles på Vestlandet. Visstnok skal det ha vore berre fire jenter som overlevde pesten. Alle gardane vart liggande øyde og dei vart ikkje tatt i bruk på lang tid. Skattelistene frå 1520 nemner ikkje gardar frå Eksingedalen.

Lavik og Flatekvål låg sannsynleg aude til slutten av 1500-talet. I 1590 dukkar dei to opp i jordebok for bispegodset der det står at gardsbruken vart teken opp att. Vetlejord og Nese kom i drift eingong etter 1603/04. Landskattlistene frå 1612 viser at gardane Vetlejord, Nese, Flatekvål, Lavik, Fjellanger og Yksendal betalte skatt, og var difor i bruk. Høvik vart og tatt i bruk på den tida.

Sjølv om gardane i Eksingedalen låg øyde i over to hundre år, var det dei same gardsgrensene frå før Svartedauden som vart brukt då gardane vart rydda på nytt.

Folketalet i Eksingedalen var 0 i 1563, ca 10 i 1603, ca 48 i 1645, ca 78 i 1667, ca 80 i 1701, ca 125 i 1769, 160 i 1801 og ca 200 i dag.

I åra 1695/96 var det epidemi i landet og hungersnaud grunna svikt i kornhausten. Folketalet gjekk då betrakteleg ned. «Av fire fødslar vart tre born, to vaksne og ein gammal» (Historikar Ståle Dyrvik). Folketalet tok seg ikkje opp att før utpå andre halvdel av 1700-talet. Elles var det matmangel og fleire epidemiar på 1700-talet.

Hungersnaud og matmangel fortsette utover 1800-talet, då spesielt i byrjinga av hundreåret. 1807/08 og 1812 var særs harde år med stor matmangel. I krigane mot Sverige i 1808/09 og i 1814 var det fleire unge menn frå Eksingedalen som deltok.

FornminneEndra

Ved garden Høvik er det ein gravhaug med ei ubrend mannsgrav. Her vart det funne ei øks, ein sigd, eit beitsle og ei skaftgryte av kleber. Det vart og funne fire halsringar av sylv under harving. Halsringane låg i ei myr og kan ha vore offergåve eller deponi til seinare bruk.

På Nese, ein gard 17 km ovanfor Eidslandet, kan det ha vore tre gravhaugar, men desse er ikkje synlege no.

På Flatekvål har det vore fem gravhaugar, ei lita røys og to graver under flat mark. Her er det gjort mange funn som t.d. eit tviegga sverd, sverd - og spydspiss, brynje og økseblad.

Ved Lavik skal det ha vore minst fem gravhaugar. Av fornminne funne her, kan ein nemne sverd, spyd, øks, leirkrukke og kvernsteinar. Det er òg funne tufter frå eit langhus.

På Fjellanger skal det ha vore funne stykke av eit sverd og eit økseblad med lang egg. Det skal òg vore funne ei flintøks og ei grønsteinsøks.

I Yksendal er det gjort mange funn. M.a. eit tviegga slagsverd, bronsespenne, overhjalt og sverdknapp av bronse og ei stridsøks.

Nasjonal sykkelveg nr. 4Endra

Dei nasjonale sykkelvegane har som oppgåve å vera ein sykkeltrasé på lite trafikkerte strekningar i områder med flott natur, attraksjonar og kultur. Desse sykkelvegane er ein del av eit internasjonalt nettverk. Nasjonal sykkelveg nr. 4 går gjennom Eksingedalen og er ein del av den populære Rallarvegen.

Traseen på 568 km er som følgjer:

Bergen-Osterøy-Eksingedalen-Voss-Rallarvegen-Haugastøl-Hønefoss-Oslo.

«Sykkelruta mellom Evanger og Bergen går på lite trafikkerte vegar. Du syklar i eit vakkert og interessant natur- og kulturlandskap. Den nasjonale sykkelveg nr. 4 gjennom Eksingedalen er ei oppleving. Du syklar frå Voss til Evanger (eller aller helst tek lokaltoget på grunn av stor trafikk!) og tek av til Teigdalen Det er bratt stigning opp Nesheimsfjellet (transport kan tingast frå Mestad Camping). Ned Eksingedalen er det lett for både vaksne og born, langs Eidsfjorden er det fleire små tunnelar utan lys. Asfaltert veg.»[6]

Stølane i EksingedalenEndra

I Eksingedalen er det 18 stølar knytt til gardsbruka og bygdene i dalen. For kvar einskild støl er det laga ei brosjyre med fakta om stølen, historie, kart og orientering om turen til dei som vil besøkja stølane. Dei 18 stølane som det er utarbeidd brosjyre for er: Gullbråholmen, Eksestølen, Trefallsstølen, Brakestad- og Øvstestølen, Nesheimstølen, Bergostølen, Binningsbøstølen, Fossestølen, Yksendalsstølen, Haugastølen, Fjellangerstølen, Lavikstølen, Flatekvålstølen, Nesstølen, Vetlejordstølen, Høvikstølen, Eikemostølen og lengst nede av stølane i dalen ligg Eikefetstølen.

BeiteområderEndra

Fjellområda øvst i Eksingedalen og i Stølsheimen inn over grensa til Sogn og Fjordane vert nytta til beiteområde for sau. Til saman beitar mellom 5.000 og 6.000 sauer her kvart år, både sauer som bøndene i Eksingedalen eig sjølv, og sauer frå Nordhordland som det vert leigd beiteområde for. Beiteområda er ein av grunnane til at sauene som går her på sommaren, får god klassifisering.

Kulturlandskapsprisen 2009Endra

Eksingedalen Bygdaråd fekk Kulturlandskapsprisen for 2009. På den eine sida er det store inngripnader i naturen grunna utbyggingar av kraftverk i Eksingedal/Ekso. På den andre sida har innbyggjarane sjølv teke ansvar for bevaring av kulturhistorie og natur gjennom sitt arbeid med støls- og ferdslevegar. I alt 18 stølsvegar vart rydda, merka og kartfesta. I tillegg vart delar av den gamle ferdslevegen «Reitlevegen» henta fram frå gløymsla, rydda og gjort tilgjengeleg for turgåarar.

«På den nasjonale kulturminnedagen sundag 13. september vart Eksingedalen Bygdaråd tildelt Kulturlandskapsprisen 2009 for Hordaland.

Eksingedalen i Vaksdal kommune er med i reiselivsprosjektet Den Grøne Sløyfa, som Hordaland fylkeskommune støttar gjennom Regionalt utviklingsprogram. Vandring er eit prioritert satsingsområde i Reiselivsstrategien for Hordaland.

I Bygdarådet er mange ulike aktørar involverte, m.a. grunneigarlag, skule, idrettslag og einskildpersonar. Gjennom rydding, merking og kartfesting er i alt 18 stølsvegar i dalen gjort tilgjengelege. Det er også sett opp informasjonstavler for stølane. På samme måte er det gjort ein stor innsats for å få fram att delstrekningar av ”Reitlevegen”, den gamle ferdslevegen gjennom Eksingedalen.

Føremålet med dette arbeidet er å synleggjere Eksingedalen si nære kulturhistorie, tilrettelegge for trivsel og rekreasjon, og skape eit godt tilbod i reiselivssamanheng. Det er laga faldarar om kvar av stølane og stølsvegane, under nemninga ”Stølsliv i Eksingedalen”, og desse er samla i ei felles mappe som er til sals på nærbutikken. Det er også laga eit eige hefte om Reitlevegen.

Kulturlandskapsprisen skal vera ei påskjøning til dei som har gjort ein mangeårig innsats for å ta vare på landbruket sitt kulturlandskap i Hordaland. Kulturlandskapsgruppa i Hordaland står for kåringa. Kulturlandskapsgruppa er ei tverrfagleg gruppe på fylkesnivå med representantar frå forvalting, forsking og næringsorganisasjonar»

ReitlevegenEndra

Delar av den gamle ferdslevegen «Reitlevegen» er gjort tilgjengeleg for turar. Her er det lengre og kortare turar som passar for både unge og vaksne.


«Den gamle Reitlevegen, eller kløvjevegen, gjennom Eksingedalen var lenge gløymt av folket i dalen. Ikkje så merkeleg det, bilen var og er tida sitt framkomstmiddel, så kva skulle ein med ein gamal kløvjeveg som ingen lenger hadde bruk for? Eksingedølen er realist og ser kva som har praktisk nytteverdi».[7]

«Eksingedalen er ein trong v-dal og elva Ekso renn i dalbotnen. Før 1840 var det vanskeleg å ta seg fram med hest frå øvst til nedst i dalen, då fjellhamrar mange stader stengde for passasjen langs elva. Rundt 1840 starta bygdefolket arbeidet med å byggje ein samanhengande kløvveg (reitleveg). Arbeidet var eit slit, høge murar og store steintrapper trongst mange stader. No ligg deler av Reitlevegen under bilveg, men det er framleis mogeleg å gå 9 delstrekningar. Fleire av dei har imponerande steintrapper. Delstrekningane er rydda og merkte, og det er sett opp informasjonstavler langs bilvegen. Dersom ein vil gå heile Reitlevegen, må ein gå deler av turen på bilveg. Kvart stykke av Reitlevegen er likevel ikkje lenger enn at ein kan parkere bilen nær ei informasjonstavle, gå Reitlevegen, gå bilvegen attende til bilen, køyre til neste informasjonstavle og så gå vidare på neste stykke av Reitlevegen.»

Eksingedalen BygdarådEndra

Eksingedalen Bygdaråd er ein organisasjon for alle i dalen. Bygdarådet arbeider aktivt med konkrete saker som gjeld bygdeutvikling og infrastruktur. Nokre få av oppgavene som bygdarådet har arbeidd med og løyst siste tiåret er å utarbeida landskapsplan for Eksingedalen (2003) og Tiltaksplan som gjeld utvikling av Ekso som aureelv spesialtilpassa for flugefiske. Vidare har bygdarådet vore primus motor i arbeidet med å gjera turområda i Eksingedalen kjend gjennom merking av turvegar og stiar, rehabilitering av Reitlevegen og laga ei lang rekkje brosjyrer om stølane. Eksingedalen Bygdaråd har hatt fleire store samarbeidsprosjekt med BKK, mellom anna når det gjeld landskapet knytt til elva.

Eksingedalen Bygdaråd har engasjert seg sterkt i utviklinga av moderne telesamband og stabil straumforsyning i eit område der vintrane kan vera ekstra krevjande, serleg når det gjeld snømengde.

Eksingedalen har no god breibandløysing opp gjennom heile dalen, med fiberkabel frå 2007. Ein del av spreiingsnettet frå telesentralane til det einskilde bustadhus er framleis gamle koparleidningar. Bygdarådet arbeider no for at dette spreiingsnettet skal skiftast ut med fiber fram til kvar bustad.

NæringsvegarEndra

Det er i all hovudsak gardsdrift med hytteutleige og overnattingsstadar ved somme gardar som er hovudnæringa i Eksingedalen. Men den viktigaste arbeidsplassen for folk er i nabokommunen Modalen i dei to databedriftene Uni Micro A/S og Mosoft A/S, i tillegg til kommunale tenester.

Offentleg transportEndra

I Eksingedalen er det eitt busselskap, Modalen-Eksingedalen Billag A/S (MEB). Billaget har transport frå Dale til Gullbrå, og frå Eksingedalen gjennom Modalen til Ostereidet.

KyrkjerEndra

I Eksingedalen er det to kyrkjer, Eksingedalen kyrkje på Flatekvål og Nesheim kyrkje på Nesheim. I tillegg kjem Eidslandet kapell på Eidsland.

Eksingedalen NaturlosingEndra

Eksingedalen Naturlosing tilbyr guida turar i Eksingedalen, høgfjellsturar, kulturhistorisk vandring i gamle stølstrakter, eller turar etter eige ynskje. Servering av lokalprodusert middag eller lunsj på Grendahuset Ljosheim, etter avtale.

Elvekajakk i EksingedalenEndra

Ekso har dei siste ti åra vorte kjend som ei padleelv for elvekajakkar (white water kajak). Det er fleire padleruter fordelt nedover elva. Bergofossen på Bergo er den mest kjende og brukte ruta. Denne ruta vert kalla «lake-to-lake» og er å finne i fleire padlehandbøker for Noreg. Ekstremsportveko på Voss trekkjer kvart år fleire og fleire elvepadlarar til elva. Dei mest populære rutene finn ein på Bergo: «lake-to-lake» (der ein padlar frå eit vatn og landar i eit nytt vatn), Fosse: Storeglupen med 24 meter fritt fall og Flatekvålsfossen.

Klatring i EksingedalenEndra

Bergen klatreklubb har oppretta eit klatrefelt i Hjellaberget på Bergo. Her er det 16 klatreruter og påbyrja prosjekt for klatring med naturleg sikring. Klatrefeltet er omtalt i ”Klatrefører: Bergen, Naturlig sikrede ruter”.

Sportsfiske i EksoEndra

Eksingedalsvassdraget er rikt på brunaure (fjellaure). Særleg midt i dalen, mellom Lavik og Flatekvål, er elva utvikla for flugefiske på Vestlandet. Men det er også godt med aure i både fjellvatn og andre delar av elva.

Etter at vassdraget vart regulert frå slutten av 1960-talet, gjekk vassmengda i elva ned til om lag det halve. Dermed fekk fisken i både elva Ekso og vatna som Trefallsvatnet og Bergovatnet, dårlegare tilgang på næring. Fisken vart ikkje stor som før, og vassdraget vart etter kvart overfolka av småfisk.

Den største innsatsen for å pleia fiskebestanden var det Helge Bergo som sto for i Bergovatnet, gjennom heile 1990-talet. Han tok opp om lag 500 kilo i året, og dette bidrog til å gjera Bergovatnet godt fiskevatn.

Frå 2003 vart det sett i gang eit omfattande kultiveringsprosjekt lenger nede i dalen. Ekso Villfisk DA vart starta, med Bjarne Lavik, som har fått eldsjelprisen, og Rune Nesheim som aktiv drivkraft. Saman har dei tynna elvestrekninga mellom Flatekvål og Lavik med 10.000 – 15.000 småfisk i året. I tillegg har dei teke opp 1 000–2 000 småfisk til fôringsanlegget som dei driv i Sødalen. Her er fisken fôra opp i eitt år, før han vert sett attende i elva. Ute i elva har så fisken auka ytterlegare i vekt, og også halde småfiskbestanden i sjakk. Resultatet av dette kultiveringsarbeidet er at Ekso i dette området er utvikla til eit eldorado for flugefiske etter aure. Sesongen er frå mai til september, med hovudvekt midt på sommaren.[8]

Storstilt elveryddingEndra

Ekso har det siste tiåret vore ekstra sterkt råka av attgroing i dei store, flate partia av elva der vatnet renn roleg. På det verste i perioden 2007 til 2010 var store delar av elva grodd til som om elva var dekt av ei grasmatte. Ingen større elvar på Vestlandet har hatt eit så stort attgroingsproblem som Ekso. Gjennom eit samarbeidsprosjekt mellom regulanten BKK og Eksingedalen Bygdaråd, starta eit storstilt oppryddingsarbeid i 2011. 400-500 mål av elvearealet er rydda. Den skjemmande veksten ute i elva er klypt vekk, elvebotnen er fresa opp for å få laus rotsystemet til krypsiv, flotgras og ei rekkje andre planteartar. Resultatet av denne elveryddinga vert følgt med stor interesse både av NVE, Fylkesmannen i Hordaland og Statens Naturoppsyn. Oppryddinga er eit tre års prosjekt frå 2011-2013. Slik det ser ut og erfaringar frå liknande tiltak tyder på, kan det gå opp mot ti år før det vert nødvendig med vedlikehaldsrydding.

KraftverkEndra

Dei store vassressursane i Eksingedalsvassdraget vert utnytta i to store kraftverk, og fire-fem småkraftverk. Det er overføringa av vatn frå Eksingedalsvassdraget til Evanger kraftverk i Voss kommune som er det dominerande kraftprosjektet i Eksingedalsvassdraget. Våren 1966 fekk BKK konsesjon til å nytta ressursane i Eksingedalsvassdraget, og løyve til å byggja Evanger Kraftverk som ligg i Voss kommune. Hovudinntaket Evanger kraftverk er frå Askjelldalsvatnet, som ligg 750 m.o.h. , grovt rekna tre kilometer nordvest for Trefall øvst i Eksingedalen. Frå Askjelldalsvatnet går det ein nær 36 kilometer lang vasstunnel heilt til Evanger. Fram til midten av 1980-talet var dette verdas lengste tunnel fram til eit kraftverk, og BKK trona dermed på topp i Guinness Book of Records. På vegen frå Askjelldalen til Evanger har tunnelen ei lang rekkje inntak frå bekkar og mindre magasin.

Hovudmagasinet for Evanger kraftverk er Holskardvatn. Dette vatnet ligg i Vik kommune i Sogn og Fjordane. Frå Holskard vert vatnet gjennom vinteren tappa over i Askjelldalsvatnet, før det går vidare i tunnelsystemet til Evanger. Evanger kraftverk produserar kvart år i snitt 1 200 GWh, og det er om lag 50 prosent av straumforbruket til Bergen by.

Utbygginga av Evanger kraftverk tok ca. 20 år, og vart avslutta midt på 1980-talet. Nede i vassdraget har BKK Myster kraftverk. Dette er eit elvekraftverk som nyttar fallet frå Nesevatn på ca. 250 m.o.h. til Myster ved Eidsfjorden heilt nede i Eksingedalen. Byggjestart for kraftverket var i 1983, og heile anlegget sto ferdig fire år seinare i 1987. Årsproduksjonen er om lag 300 GWh. At Myster er eit elvekraftverk, vil seia at kraftverket ikkje har magasin, men må produsera straum etter kvart. Det er også bygd fire småkraftverk i Eksingedalen, to på Flatekvål og to i Fjellanger-/Fagerdalsområdet. Kraftverka på Flatekvål er et minikraftverk i Botnaelva på 3,5 GWh som vart sett i drift i 2006, og eit minikraftverk i Sørdalselva på 4 GWh som vart sett i drift i 2007.

På Fjellanger er det bygd eit minikraftverk på 3,5 GWh i 2006 og i Fagerdalen er det bygd eit minikraftverk på 3,5 GWh i 2007. Alle disse fire kraftverka har utlaup til Ekso og virkar difor ikkje inn på den samla vassføringa i Ekso.

Tersklar i elvaEndra

Vassføringa i vassdraget er, som nemnt, i periodar sterkt redusert som fylgje av regulering. For å bøte på dei negative konsekvensane av reguleringa er det bygd ei rekke tersklar mellom Eidslandet og Gullbrå. Til saman er det bygd 30 tersklar i heile vassdraget. Fleire av tersklene fungerer som oppbygging av større elveloner/vatn, og har stor innverknad på korleis elv og småvatn nedover ser ut etter kraftreguleringa.

Tresklane er ikkje spesifisert i konsesjonen (1966) for den store kraftutbygginga i vassdraget. Dermed kan tersklane justerast og tilpassast endringane som skjer over tiår i vassdraget.

Kjentfolk frå EksingedalenEndra

  • Andreas Lavik, lekmannspredikant, politikar og redaktør (1854-1918)[9]
  • Dore Lavik, skodespalar og teaterleiar (1863-1908)[10]
  • Jon Eikemo, skodespalar som no er busett på familiegarden på Eikemo i Eksingedalen
  • Nils Lavik, første stortingsrepresentant for det nyskipa Kristeleg Folkeparti
  • Asbjørn Eide, jurist og menneskerettsekspert
  • Olav Jonsson, ein av leiarane for Strilaopprøret i 1765, dømd til døden men sidan frigjort. Busette seg på Nese.

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra