Vossamål eller vossing er namn på dialekta som vert snakka i Voss herad i Hordaland. Vossamålet høyrer inn under dei indre sørvestlandske målføra og er i nær slekt med hardingmål og indre sognemål.

Særleg hardingmål og vossamål har mange trekk til felles, t.d. at dei begge er sørvestlandske a-mål, der alle infinitivar endar på a. Begge dialektene har segmentering og differensiasjon, omfattande bruk av diftongar, t.d. å - ao, ei - ai. I tillegg har dei begge eit skilje mellom sterke og svake hokjønnsord, der det heiter ai sol, dan solæ, men ai visa, dan viso. Men der dativ er utdøydd i Hardanger, er det framleis levande på Voss. Også fleirtalsbøying av verb har halde seg betre på Voss enn i Hardanger. Dialektene skil seg også i tonefallet, i pronomenbruk og i ulike einskildord.

På Vossevangen veks det fram eit sentrumsmål som er ein del forenkla i forhold til det tradisjonelle vossamålet. Skarre-r har kome inn i vossinga i løpet av dei siste generasjonane, og lever no side om side med den tradisjonelle rulle-r-en.

Lydprøvar

endre

Kjelder

endre