Opna hovudmenyen

Evanger er ei bygd i Voss kommune og ein tidlegare sjølvstendig kommune i Hordaland.

Evanger
stad
Traditional Norwegian houses at Evanger.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Voss
Postnummer 5707 EVANGER
Preposisjon Evanger

Tettstaden Evanger er haldeplass på Bergensbanen. Der er kyrkje, skule og kjøtforedlingsindustri. Europaveg 16 går gjennom staden.

Innhaldsliste

Evanger kommune 1885-1964Endra

Frå 1837 var Evanger del av Voss formannskapsdistrikt.

1. januar 1885 vart Evanger skilt ut frå Voss som eigen kommune. Evanger hadde då 2 045 innbyggjarar.

1. januar 1964 vart det meste av Evanger (unnateke Bergsdalen og Eksingedalen) med 1 075 innbyggjarar slått saman med Voss og Vossestrand til den nye Voss kommune.

Frå same dato vart resten av kommunen (krinsane Bergsdalen og Eksingedalen) med 251 innbyggjarar samanslegen med mesteparten av Bruvik og ein del av Modalen til den nye Vaksdal kommune.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for tidlegare Evanger kommune frå 1885 til 1964:

1.1.1885 1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964
2045 1781 1720 1635 1537 1345 1326

PolitikkEndra

Heradstyrerepresentantar

Det første listevalet i Evanger vart halde i 1919.

År Samlingslista Bondelista Bondepartiet Venstre Arbeidarpartiet Venstre og
Bondepartiet
Kristeleg Folkeparti Venstre og
Kristeleg Folkeparti
Høgre
1919[4] 12 4
1922[5] 8 8
1925[6] 7 5 4a
1928[7] 6 5 5
1931[8] 6 6 4
1934[9] 6 5 5
1937[10] 4 12
1945[11] 6 6 4
1947[12] 6 3 4 3
1951[13] 6 4 6
1955[14] 8 4 4 1
1959[15] 7 5 4 1

a"Arbeidar- og smaabrukarlista"

FotnotarEndra

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 Folkemengde i Evanger 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  4. "Hordaland" 22.10.1919
  5. "Hordaland" 11.10.1922
  6. "Hordaland" 24.10.1925
  7. "Hordaland" 17.10.1928
  8. "Hordaland" 21.10.1931
  9. "Hordaland" 17.10.1934
  10. "Hordaland" 20.10.1937
  11. "Hordaland" 8.12.1945
  12. "Hordaland" 25.10.1947
  13. "Hordaland" 13.10.1951
  14. "Hordaland" 8.10.1955
  15. "Hordaland" 3.10.1959