Tresco (kornisk Ynys Skaw) er den nest største av Scillyøyane i Cornwall i England. Ho er 2,97 km² stor og har 180 innbyggjarar (2001). Øya er om lag 3,5 km lang og 1,75 km brei.

Tresco
Flyfoto av Tresco
Flyfoto av Tresco
Geografi
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 49°57′23″N 6°19′55″W / 49.9563°N 6.3319°W / 49.9563; -6.3319
Øygruppe Scillyøyane

Areal 2,97 km²
Lengd 3,5 km
Breidd 1,75 km

Administrasjon
Land England
Grevskap Cornwall

Demografi
Folketal 180 (2001)
Folketettleik 61 /km²

Øya vart tidlegare kalla Trescaw[1] og vart skildra som 'St. Nicholas' av ein abbed i 1193.

Sidan 2001 har det vorte halde eit maratonløp på øya, der ein spring 7,5 gongar rundt øya.[2].

Dei fleste innbyggjarane bur i landsbyane New Grimsby og Old Grimsby midt på øya. Her finn ein butikk, postkontor, eit kunstgalleri, ein pub og eit hotell. Sør på øya ligg den subtropiske Tresco Abbey Gardens og Tresco Heliport.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. 'The Scilly Islands', Magna Britannia: volume 3: Cornwall. 1814. s. 330-337. Henta 14 november 2009. 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 26. april 2009, henta 26. januar 2010