Tresfjordbrua

veibru i Noreg

62°36′11″N 7°06′54″E / 62.6031°N 7.1150°E / 62.6031; 7.1150

Tresfjordbrua

Typevegbru, Fritt frambyggbru
StadVestnes
Opna24. oktober 2015
StrekningEuropaveg 136
Lengd1 290 meter
Fri høgd55 meter
Største spenn159 meter
KryssarTresfjorden
Materialebetong
Trafikk2 883 (2021)[1]
Kart
Tresfjordbrua
62°36′41″N 7°06′47″E / 62.611311°N 7.113089°E / 62.611311; 7.113089

Tresfjordbrua er ei 1 290 meter lang vegbru i Europaveg 136 over Tresfjorden mellom Remmem og Vikebukt i Vestnes kommune i Møre og Romsdal, opna 24. oktober 2015.

Brua korta inn Europavei 136 med om lag 12 kilometer i høve til den tidlegare strekninga ikring fjorden. Brua går i ei slak horisontale kurve på ein fjordterskel av hard morene med stor stein og stadvis fast fjell, og er fundamentert på 198 pålar sett i 13 grupper, slege ned i morenemassene, og har elles fem støypte fundament. To av desse fundamenta er senkekasser sett ned på 20 og 39 meters djupne.

Til saman har brua 19 spenn, det lengste på 160 meter, dei andre på 90 og 60 meter. Seglingsløpet under hovudspennet har ei høgd på 32 meter og ei breidd på 60 meter. Brua er knytt til ei 700 meter lang steinfylling på ei grunne i sjøen i nærleiken av Vike kyrkje. Steinmassane er teke frå bygginga av Vågstrandtunnelen på den same europavegstrekninga.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tresfjordbrua