Trikotasje er strikka klede. Omgrepet blir brukt om industrielt produserte klede, og trikotasjeindustrien er ein del av tekstilindustrien.

Rundstrikkemaskiner med reimdrift (den fremste frå 1963[1]) på strikkeloftet på Salhus Tricotagefabrik, no Tekstilindustrimuseet utanfor Bergen.

Norsk trikotasjeindustri vart etablert relativt seint i den tekstilindustrielle utviklinga – dei første trikotasjefabrikkane var O. A. Devold i Langevåg i Møre og Romsdal, Salhus Tricotagefabrik i Bergen, C. N. Lauritzens Trikotfabrik i Oslo og Dale Fabrikker i Vaksdal. Desse vart etablerte frå 1850-talet, noko seinare enn den bomullsbaserte tekstilindustrien langs Akerselva.

Trikotasjeindustrien fekk råstoffa sine frå ullvarefabrikkane rundt om i landet, men bomull frå USA og andre land vart òg brukt til å produsere trikotasjeprodukt.

I dagens norske trikotasjeindustri finst det enno ein del merkevarer som produserer i Noreg, først og fremst Dale of Norway, men også tekstilfabrikken Janus og Oleana produserer og sel plagg i Noreg i dag.

Galleri

endre

Sjå òg

endre

Referansar

endre
  1. «Strikkemaskin», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022 
  2. «Skjorte», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022 
  3. «Undertrøye», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022 
  4. «Underbukse», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022 
  5. «Singlet», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022 
  6. «Undertrøye», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022 
  7. «Strømper», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022 
  8. «T-skjorte i emballasje», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022 
  9. «Genser», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022 
  10. «Stoffprøve», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022 

Bakgrunnsstoff

endre