Dale of Norway er ei norsk tekstilverksemd etablert på Dale i Vaksdal kommune i Hordaland i 1879, som er internasjonalt kjend for strikkeplagg av høg kvalitet i rein ull. Dale of Norway har utvikla og tilbyr fleire av Noregs mest kjende tradisjonelle design i norsk ull,[1][2] men har dei siste åra òg lansert sport- og motekolleksjonar i mjuke og lette ulltypar. Sidan 1956 har selskapet levert offisielle OL- og VM-genserar. Dale of Norway er av dei få selskapa der designprosessen og strikkeproduksjonen enno føregår i Noreg, nemleg på hovudkontoret og den historiske fabrikken som ligg på Dale mellom Bergen og Voss. «The Living Factory Museum» og fabrikkutsalet på Dale er opne for gjestar heile året. Dale of Norway har konseptbutikkar i Oslo, Stavanger og Quebec, og eit dotterselskap i USA.

Dale of Norway

Dale fabrikker (1953) Sjå dette på Wikidata
Org.formAksjeselskap
Org.nr.991368566
Skipa1879
HovudkontorDale i Vaksdal
LandNoreg
Nettstadhttps://no.daleofnorway.com/

I desember 2017 hadde føretaket 68 tilsette. I 2018 blei det kjøpt opp av Skis Rossignol.[3]

Dale of Norway vart etablert som Dale Fabrikker i 1879. Biletet viser Dale i Vaksdal med trikotasjefabrikken i 1953.
Dale fabrikker i 2017

Historie endre

Dale Fabrikker endre

Dale Fabrikker vart grunnlagd av Peter Jebsen i 1879. Då han såg Bergsdalselva såg han ei stor kraftkjelde til ny industriverksemd, og kjøpte kraftrettane frå lokale bønder. Maskinene kom frå England, med båt til Dalevågen og vart vidare frakta med hest og vogn: kardeverk, spinnemaskiner og 200 vevstolar, og appretur- og fargerimaskiner kom same vegen.

 
Garnprøver på Heilo garn frå Dale Fabrikker.[4]

Då fabrikken vart etablert var det berre ein husmannsplass og nokre utløer på Dalekvam. På slutten av 1800-talet hadde fabrikken rundt 500 tilsette og i 1900 var det godt over 1000 innbyggjarar på staden. I 1883 fekk staden jarnbanesamband med Bergen og Voss då Vossebanen vart sett i drift. Vasskraft er grunnlaget for industrien på Dale. Etter den andre verdskrigen var Dale Fabrikker Noregs største innan tekstil.[5]

Dale Fabrikker hadde hovudkontor i Bergen og lenge tre fabrikkar i Vaksdal. Bomullsvarefabrikken på Dale kom først, i 1879, og i 1890 vart det bygd ein ullvarefabrikk, og eit kamgarnspinneri i 1912. På 1950- og 1960-talet hadde Dale over 4000 innbyggjarar og rundt 1200 arbeidde ved Dale Fabrikker.

 
Stoppegarn frå Dale Fabrikker, Vaksdal.[6]

Omorganisering endre

Produksjonen har vore mangfaldig, frå sengetøy, genserar og kofter, til strikkegarn og tekniske tekstilar. Dale Boligtekstiler vart ein del av Høie-Arne-konsernet på 1980-talet, og på 1990- og 2000-talet vart produksjonen etter kvart delt opp i mindre føretak. Garn og produksjon av ferdige strikkeplagg vart skilt ut som eit eige firma i 1991, under namnet Dale Garn og Trikotasje – seinare Dale of Norway. I 2009 vart desse to delane av produksjonen òg delt i to: Dale of Norway (strikka plagg) og Dale Garn (strikkegarn), som heldt til i dei same lokala. Produksjonen av flammehemmande stoff vart skild frå produksjonen av strikka plagg og garn (Dale Garn og Trikotasje) i 1991, under namnet DaleTec. Produksjonen av flammehemmande stoff på Dale vart lagt ned i 2009, og garnproduksjonen i 2014, men merkevarene eksisterer enno.[7]

I 2009 kjøpte Hilde Midthjell verksemda og revitaliserte henne. Ho selde Dale of Norway vidare til Rossignol Group i 2018.[8]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Dale of Norway – The Classic», thesnowmag.com, henta 19. mars 2020 
  2. «Dale of Norway | 6pm», www.6pm.com, henta 19. mars 2020 
  3. «Rossignol Group Acquires Dale of Norway in Surprise Move». Snowsports Industries America (på engelsk). 2. januar 2018. Henta 26. mai 2019. 
  4. «Garnprøve», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022 
  5. Vaksdal kommune: 1870-1970. Vaksdal. 1970. 
  6. «Stoppegarn», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022 
  7. Lorentzen, Bernt: Dale Fabrikker. Utg. Dale Fabrikker. 1960. Intervjuarkiv, Norsk Trikotasjemuseum.
  8. «Rossignol buys Dale of Norway», www.newsinenglish.no, henta 19. mars 2020 

Bakgrunnsstoff endre