Trine Bakke
Trine Bakke (fødd 11. januar 1975), ei tid Trine Bakke Rognmo, er ein norsk tidlegare alpin skirennar frå Trondheim. Ho vann bronsemedaljen i slalåm under VM i alpine greiner 1999 og gjekk til topps i to slalåmrenn i verdscupen i alpine greiner. Bakke var medlem i Byaasen SK til 1998, sidan i Freidig.
Trine Bakke | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. februar 1975 (49 år) Trondheim |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002 |
Aktiv
endreBakke debuterte i verdscupen i 1994-sesongen. Ho deltok for Noreg under vinter-OL på Lillehammer, der ho vart nummer 19 i slalåm. Utover i 1997-sesongen byrja ho å nærme seg verdseliten i slalåm, med ein femteplass i Vail i mars månad som beste prestasjon. Den 1. mars 1998 fekk ho i Saalbach-Hinterglemm sin fyrste pallplass i eit verdscuprenn.
Midt i januar 1999 vann Bakke verdscuprennet i slalåm i St. Anton 1999, men høgdepunktet som alpinrennar opplevde ho då ho kapra bronsemedaljen i slalåm under VM 1999 i Vail, bak australske Zali Steggall og svenske Pernilla Wiberg. På nyåret 2000 tok Bakke i Maribor sin andre verdscuptriumf. Heilt på slutten av desember 2000 fekk ho dei to siste av totalt ti pallplasseringar i verdscupen, samtlege i slalåm.
Bakke heldt fram å tevle i verdscupen til 2006, og la opp etter 2009-sesongen.
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar.