Triose
monosakkarid som inneheld tre karbonatom
Triosar er monosakkarid som inneheld tre karbonatom.[1] Det finst tre ulike former av sukkeret: L-glyseraldehyd og D-glyseraldehyd, som begge er aldotriosar sidan karbonylgruppa ligg ytst i kjeda, og dihydroksyaceton, som er ein ketotriose sidan karbonylgruppa ligg i midten.[2]
Triosar er viktige for celleanding. Gjennom glykolyse blir fruktose-1,6-difosfat broten ned til glyseraldehyd-3-fosfat og dihydroksyacetonfosfat, som seinare gjev opphav til mjølkesyre og pyrodruesyre.
Kjelder
endre- ↑ «triose». Oxford Dictionaries. Oxford University Press. Arkivert frå originalen 1. februar 2017. Henta 19. januar 2017.
- ↑ «Trioses - Three Carbon Sugars». Oxford University Press. Henta 19. januar 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Triose» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2017.