Ein triosonate er ei musikkform som var særleg populær på 1600- og 1700-talet.

Ein triosonate er skriven for to soloinstrument og generalbass, tre instrument i alt og derfor namnet triosonate. Sidan generalbassen vanlegvis består av minst to instrument (typisk ein cello eller bassgambe og eit tangentinstrument som cembalo), vert triosonatar likevel ofte framført av minst fire musikarar.

Melodiinstrumenta som vert nytta er ofte to fiolinar. Eit kjent døme er triosonaten i Johann Sebastian Bachs Musikalisches Opfer , som er for fiolin og fløyte.

Johann Sebastian Bachs triosonatar for orgel (BWV 525-530) kombinerer tre delar av orgelet. Som regel tar høgrehanda, venstrehanda og pedalane kvar sin del og skapar slik same tekstur som i ein trio. Desse seks triosonatane er transkribert for fire musikarar i nyare tid. Ei anna nyskaping som Bach kom med var det som strengt tar ein verkeleg triosonate, med ein concertante (obligato) cembalo og eit melodisk instrument, altså for to musikarar. Kjende døme er dei seks sonatane for cembalo og solofiolin (BWV 1014-1019), tre sonatar for cembalo og gambe (BWV 1027-1029) og dei tre sonatane for cembalo og tverrfløyte (BWV 1030-1032)

Døme endre

Litteratur endre

Kjelder endre