Trippelententen (entente, uttalt aŋtˈaŋtə, fransk: 'intensjon', 'overeinskomst', 'vilje') er ei nemning for den politiske «forståinga» som eksisterte mellom Storbritannia, Frankrike og Russland før fyrste verdskrigen.

Alliansane i Europa i 1914: Trippelententen i grønt, Trippelalliansen i brunt.

Bakgrunn

endre

Ententen hadde bakgrunn i alliansen mellom Frankrike og Russland frå 1891–1893, retta mot Trippelalliansen mellom Tyskland, Austerrike-Ungarn og Italia som var blitt inngått 20. mai 1882.

For å utnytta moglegheita dei hadde for å kontrollera Den engelske kanalen, bestemde Storbritannia seg for å inngå ein allianse med Frankrike. I april 1904 blei dei samde om ein avtale der Frankrike anerkjende britiske interesser i Egypt, medan Storbritannia anerkjende franske interesser i Marokko. Denne avtalen vekte stor misnøye i Berlin, og i den fyrste marokkokrisa gjorde den tyske regjeringa eit mislykka forsøk på å tvinga partane til å gje henne opp.

Utviding i 1907

endre

I 1907 blei den britisk-franske ententen supplert med ein tilsvarande britisk-russisk avtale, den anglo-russiske konvensjonen, for å regulera «interessesfærane» i Iran. Den underliggjande årsaka var likevel at både Storbritannia og Russland kjende seg truga av tyske framstøyt mot sunda ved Dardanellene og mot Persiabukta.

Statusen til trippelententen

endre

Sjølv om britane stadig påpeika at trippelententen ikkje var ein bindande militærallianse, gjekk det føre seg hemmelege fransk-britiske militære forhandlingar frå 1906, og 1912 blei dei samde om ei fordeling av ansvar til flåtestyrkane til dei to landa. Forsvaret av den franske nordsjøkysten gjekk til den britiske flåten, medan den franske flåten fekk eit tilsvarande ansvar i Middelhavet.

Grupperinga av dei tre stormaktene (forsterka av diverse avtalar med Japan, USA og Spania) gjorde at ententen blei ei slagkraftig motvekt mot Trippelalliansen. Italia braut likevel med Trippelalliansen då fyrste verdskrigen var eit faktum, då alliansen var ein forsvarsallianse og føresetnaden for denne var blitt broten då Tyskland og Austerrike-Ungarn erklærte krig i 1914

Kjelder

endre