Tristan Frederick Allan Fry (fødd 26. oktober 1941) er ein britisk trommeslagar og perkusjonist. Fry byrja karrieren sin i London Philharmonic Orchestrapauker då han var 17 år gammal. Han har skipa ei rekkje ensemble, som Nash, Fires of London og London Sinfonietta. Han har arbeidd som studiomusikar for ei rekkje pop- og rockartistar, som The Beatles, Frank Sinatra, Olivia Newton-John, John Martyn, Elton John, Nick Drake og David Essex, blant fleire. Fry var perkusjonist på Beatles sin «A Day in the Life», der han spelte pauker under klimakset i songen.[1] Han har òg spelt på forskjellige innspelingar for TV og film.

Tristan Fry
Fødd26. oktober 1941 (78 år)
FødestadLondon i Storbritannia
FødenamnTristan Frederick Allan Fry
OpphavStorbritannia
Aktiv1958–
Sjangerklassisk musikk
InstrumentTrommer, pauker, perkusjon
Tilknytte artistar
Verka somMusikar

Frå 1979 til 1995 var han trommeslagar i den progressive rockegruppa Sky[2] med John Williams, Kevin Peek, Francis Monkman, Herbie Flowers og seinare Steve Gray.

KjelderEndra

  1. Lewisohn 1988, s. 96.
  2. «Tristan Fry». festival.i-kan.net. Arkivert frå originalen 2010-01-06. 

BakgrunnsstoffEndra