Triumfbogen i Paris
Triumfbogen (eigentleg Arc de triomphe de l'Étoile) er eit monument i empirestil på Place Charles-de-Gaulle i Paris, ved den vestlege enden av paradegata Champs-Élysées. Plassen er sirkulær og heitte tidlegare «Place de l'Étoile» (Stjerneplassen), då dei store avenyane i Paris strålar ut frå plassen som ljosstrålane frå ei stjerne.
Triumfbogen i Paris | |||
| |||
Arkitekt | Jean-François-Thérèse Chalgrin | ||
---|---|---|---|
Opna | 29. juli 1836 | ||
Stil | nyklassisistisk arkitektur | ||
Triumfbogen i Paris 48°52′26″N 2°17′42″E / 48.873888888889°N 2.295°E |
Bygginga av Triumfbogen tok til i 1806 etter ordre frå keisar Napoléon Bonaparte for å heidre keiseran sjølv og den franske hæren etter «Bataille d’Austerlitz», slaget ved Austerlitz, tirsdag 2. desember 1805. (Austerlitz heiter no Slavkov u Brna og ligg i Tsjekkia). Arkitekt for monumentet var den franske Jean-François-Thérèse Chalgrin (1739-1811). Monumentet vart ikkje ferdig før under Louis-Philippe i 1836.
Høgda på byggverket er 50 meter, langsidene er 45 meter og tverrsidene er 22 meter. Den store bogen er 29,19 meter høg og 14,62 meter brei, medan den vesle bogen er 18,68 meter høg og 8,44 meter brei. Bogen har innvendig inngravert namna på franske generalar og stader der det har stått store og ærerike slag. Dekoren utvendig er dominert av relieffet La Marseillaise av François Rude.
Under Triumfbogen ligg grava til den ukjente soldaten, ein soldat frå fyrste verdskrigen som vart jordfesta her i 1920 som representant for alle som fall for Frankrike i denne krigen, slik det går fram av inskripsjonen på grava. På grava brenn det alltid ein eld.
Dei viktigaste relieffa
endre-
Le Départ des volontaires de 1792 (Dei friviljuges avreise i 1792), som òg vert kalla La Marseillaise, av skulptøren François Rude
-
Le Triomphe de 1810 (Sigeren i 1810) av Jean-Pierre Cortot
-
La Résistance de 1814 (Motstandskampen i 1814) av Antoine Étex
-
La Paix de 1815 (1815-freden) av Antoine Étex