Troll forsikring
Troll Forsikring AS er eit norsk skadeforsikringsselskap som tilbyr forsikring til privatpersonar og næringsliv i Noreg. Største aksjonær er BRAS Kapital og Canica.
Troll forsikring | |
Selskapsform | Aksjeselskap |
---|---|
Org.nr. | 812 492 772 |
Skipa | 8. mars 2007 |
Bransje | Skadeforsikring |
Produkt | Forsikring |
Hovudkontor | Oslo ![]() |
Adm. direktør | Birger Pedersen |
HistorieEndra
Troll Forsikring vart skipa i 2007 etter eit initiativ av Stein Erik Hagens investeringsselskap Canica som ein utfordrar til dei 4 store (Gjensidige, If Skadeforsikring, Tryg Forsikring og Sparebank1 Forsikring. Troll Forsikring er eit rent nettselskap der tanken er å utvikle nettløysingar som gjer det enkelt å vere kunde.
LogoEndra
Logoen til Troll Forsikring viser enden av halen til eit troll i kvitt på ein blå bakgrunn.
FaktaEndra
- Tilsette: 33 pr 1. desember 2015
- Produkt: Alle typar ting- og personforsikringar for privat- og bedriftsmarknaden.
- Verksemda har konsesjon frå Finanstilsynet og er medlem av garantiordningen for forsikringsselskaper.