Tromsdalen Ungdoms- og Idrettslag

(Omdirigert frå Tromsdalen UIL)

Tromsdalen Ungdoms- og Idrettslag er eit norsk idrettslag som er heimehøyrande i Tromsdalen i Tromsø kommune. TUIL reknar si lagssoge tilbake til i 1938, då idrettslaget Fart og ungdomslaget Freidig vart stifta. Dei to laga slo seg saman i eitt lag i 1968 og har sidan vore aktive innom fotball, friidrett, ski, turn og ungdomslag.

Tromsdalen Ungdoms- og Idrettslag
UtmerkingarIdrettens Verdipris
LandNoreg
TUIL Arena er heimebanen til TUIL Tromsdalen Fotball.

Tromsdalen UIL er best kjent for sine langrennsløparar og sine fotballag. Fremst av alle står langrennaren Håvard Solbakken som vann ein bronsemedalje under Ski-VM 2001 og fleire NM-medaljar. Ved Ski-NM 1999 gjekk Tromsdalen sine løparar inn til sølvmedaljar i 3 x 10 kiometer stafett.

Kvinnelaget i fotball har etablert seg i den nest øvste divisjonen, medan laget for karar har hatt vanskar med å klore seg til fast plass på nivå 2 og oftast er å møte på nivå 3. TUIL spelar i blå trøyer og kvite bukser.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre