Tromsdalen Ungdoms- og Idrettslag
Tromsdalen Ungdoms- og Idrettslag er eit norsk idrettslag som er heimehøyrande i Tromsdalen i Tromsø kommune. TUIL reknar si lagssoge tilbake til i 1938, då idrettslaget Fart og ungdomslaget Freidig vart stifta. Dei to laga slo seg saman i eitt lag i 1968 og har sidan vore aktive innom fotball, friidrett, ski, turn og ungdomslag.
Tromsdalen Ungdoms- og Idrettslag | |||
Utmerkingar | Idrettens Verdipris | ||
---|---|---|---|
Land | Noreg |
Tromsdalen UIL er best kjent for sine langrennsløparar og sine fotballag. Fremst av alle står langrennaren Håvard Solbakken som vann ein bronsemedalje under Ski-VM 2001 og fleire NM-medaljar. Ved Ski-NM 1999 gjekk Tromsdalen sine løparar inn til sølvmedaljar i 3 x 10 kiometer stafett.
Kvinnelaget i fotball har etablert seg i den nest øvste divisjonen, medan laget for karar har hatt vanskar med å klore seg til fast plass på nivå 2 og oftast er å møte på nivå 3. TUIL spelar i blå trøyer og kvite bukser.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tromsdalen Ungdoms- og Idrettslag» frå Wikipedia på bokmål, den 15. mai 2024.