Opna hovudmenyen

Trond H. Wirstad

norsk politikar

Trond Halvorsen Wirstad (5. juni 19044. oktober 1985) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Lunner i Oppland. Han representerte Bondepartiet/SenterpartietStortinget frå 1950 til 1969.

Trond H. Wirstad
Fødd 15. juni 1904
Lunner
Død

4. oktober 1985

Yrke politikar, bonde

Wirstad gjekk jordbruksskule i 1922/23 og tok over farsgarden i Lunner i 1935, eit bruk han dreiv til 1973. Ved sidan av var han klokkar i Lunner kyrkje i 34 år, 1947-81. Han var medlem i heradsstyret frå 1945 til 1963, ordførar 1948-51.

Wirstad vart hausten 1949 vald inn på Stortinget frå Oppland og for Bondepartiet, og vart attvald fire gongar etter einannan. I perioden 1950-53 var han medlem i Protokollkomiteen, deretter 1954-55 i Sosialkomiteen. Sidan 1956 var han heile tida med i Samferdslekomiteen, formann 1956-57 og 1961-65, nestformann 1965-69.

Heime i Lunner var Wirstad ein sentral figur i kristenlivet, mellom anna som mangeårig formann i lokalforeininga i Det Norske Misjonsselskap og i soknerådet, samt for Lunner aldershjem. Frå 1969 til -73 var han styreformann i Postverket.

KjelderEndra