Opna hovudmenyen

Trond Hegna (2. oktober 189820. januar 1992) var ein norsk pressemann og politikar frå Oslo. Han var i 1920-åra medlem av Arbeidarpartiet og seinare Norges Kommunistiske Parti. I mellomkrigsåra var han medlem i organisasjonen Mot Dag, og etter andre verdskrigen var han fleire periodar stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet.

Trond Hegna
51381 Trond Hegna.jpg
Fødd 2. oktober 1898
Oslo
Død

20. januar 1992
Oslo

Yrke politikar, redaktør
Trond Hegna på Commons

Liv og gjerningEndra

Hegna var son til folkeskulelærar. Sjølv studerte han frå 1918 ved Universitetet i Oslo. Han gjekk då med i Den Socialdemokratiske Studenterforening, eit lag knytt til Arbeidarpartiet. Frå 1921 gav laget ut tidsskriftet Mot Dag og danna organisasjonen med same namn, der Hegna var med frå skipinga.

Han redigerte tidsskriftet frå 1926 til 1928, og var formann i Det Norske Studentersamfund i 1924 og 1936. I åra 1924-25 var han redaktør i Rjukan Arbeiderblad. Då Mot Dag slutta seg til Norges Kommunistiske Parti i 1927, var Hegna ein periode redaktør for Norges Kommunistblad. Han melde seg ut av partiet i 1929. Mellom 1932 og 1936 var han medredaktør av Arbeidernes Leksikon.

Då Mot Dag vart lagt ned i 1936 melde Hegna og dei fleste andre motdagistane seg inn i Arbeidarpartiet. I 1939-40 var han redaktør av Vestfold Arbeiderblad, før han i 1940 fekk redaktøransvaret i Stavanger-avisa 1ste Mai. 1ste Mai vart stengd nestformann i Arbeidarpartiet si stortingsgruppe. etter at avisa i september 1940 trykte overskrifta «Ingen nordmann til salgs!». Hegna vart samstundes arrestert og sat så i Grini fangeleir til 1943. Etter verdskrigen var han atter redaktør i 1ste Mai, ei stilling han hadde til 1958.

Frå 1950 til 1965 var Hegna stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. I den fyrste fireårsperioden var han vald inn frå kjøpstadene i Vest-Agder og Rogaland, sidan frå Rogaland fylke. Bolken 1950-53 var han medlem i Samferdslekomiteen, frå januar 1954 var han formann i Finanskomiteen til han gjekk ut av Stortinget hausten 1965. Frå 1958 var han Hegna høyrde til venstrefløya i partiet. Han var med i Arbeidarpartiet sitt landsstyre frå 1949 til 1953. I 1971-72 markerte han seg som motstandar av norsk medlemskap i EEC i 1972, utan at han braut med partiet.

Hegna skreiv ei rekke bøker, alt frå bøker om Sovjetunionen til bygdebøker, og fungerte også som omsetjar av skjønnlitteratur. Sjølvbiografien Min versjon kom ut i 1983.

KjelderEndra