Gaupne
Gaupne er kommunesenteret i Luster kommune i Vestland fylke. Tettstaden har 1 206 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg ved utlaupet til Jostedøla, inst i Gaupnefjorden, ein sidearm til Lustrafjorden, som igjen er ein sidearm til Sognefjorden.
Gaupne | |||
stad | |||
Gaupne inst i fjorden
Foto: G.Lantig | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Luster | ||
Areal | 1,42 km² | ||
Folketal | 1 206 (2017) | ||
Folketettleik | 849 / km² | ||
Postnummer | 6868 GAUPNE | ||
Innbyggjarnamn | gopning [1] | ||
Preposisjon | i Gaupne | ||
![]() Gaupne | |||
Wikimedia Commons: Gaupne | |||

Her ligg Gaupne gamle kyrkje og Gaupne kyrkje og skulane Luster ungdomsskule og barneskulen Gaupne skule.
Gaupne er òg namnet på eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Det er to kyrkjer i soknet, Gaupne kyrkje frå 1907 og Gaupne gamle kyrkje frå kring 1650. Gamlekyrkja er sidan 1909 i eiga til Fortidsminneforeninga medan Gaupne kyrkje er soknekyrkje. Fram til 1967 høyrde Gaupne sokn til Luster prestegjeld, då vart det overført til Jostedal prestegjeld.[2]
Namnet Gaupne kjem frå gamalnorsk gaupn som tyder 'hol hand, neve'. I fylgje Oluf Rygh si tolking var namnet opphavleg brukt om fjorden. Ei anna tolking er at namnet kom av at bygda ligg i ei senking mellom tre høgder.[3]
Sjå òg Endra
Kjelder Endra
Fotnotar Endra
- ↑ Jørn Sandnes og Ola Stemhaug (red): Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4905-7
- ↑ «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- ↑ Jørn Sandnes og Ola Stemhaug (red): Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4905-7
Bakgrunnsstoff Endra
- Eldre fotografi frå Gaupne på nettstaden til NasjonalbiblioteketDenne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.