Trondheim kunstmuseum

kunstmuseum i Noreg

Trondheim kunstmuseum, forkorta TKM, tidlegare Trøndelag Kunstgalleri, er ein offentleg institusjon i Trondheim. 1. januar 2009 blei museet ein del av Museene i Sør-Trøndelag (Mist).

Trondheim kunstmuseum

StadTrondheim kommune
Skipa1864
Kart
Trondheim kunstmuseum
63°25′38″N 10°23′40″E / 63.4272°N 10.3944°E / 63.4272; 10.3944


TKM syner fram temporære utstillingar med internasjonal og regional kunst, og dessutan verk som er del i den store kunstsamlinga til museet. Samlinga er den tredje største offentlege kunstsamlinga i Noreg, med hovudvekt på norsk kunst frå ca. 1850 og fram til i dag.[1] Samlinga inneheld kjende verk som Natt (Røros kirke) (1904) av Harald Sohlberg, Haren (1922) av Georg Jacobsen og Nordkapp (1870-åra) av Peder Balke.

Visingsstader endre

TKM har to visingsstader, TKM Bispegata som ligg ved Nidarosdomen, og TKM Gråmølna ved Nedre Elvehavn.

TKM Bispegata endre

Hovudbygningen i Bispegata 7 b blei oppført i 1930. Trondheim kunstmuseum blei oppretta i 1997 for å føra vidare samlingsforvaltninga. Dei mange og varierte romma i bygget over to etasjar gjev rike høve til å arbeida med ny og gammal kunst. Bygget blei pussa opp i 2012 der det mellom anna blei sett inn kunstig opplysing i andre etasje. Samtidig blei den arkitektoniske forma til museet frå 1930 gjeninnført.

TKM Gråmølna endre

 
Gråmølna

TKM Gråmølna blei skipa i 2008, med plassering på Nedre Elvehavn. I den fyrste etasjen av museet blir det vist skiftande utstillingar av internasjonal og regional samtidskunst. I andre etasje blir det vist utstillingar som inkluderer verk frå kunstgåva frå Håkon Bleken.

Historie endre

Professor I.C. Dahl tok initiativ til ei kunstforeining i Trondheim i 1845. På den tida hadde byen 13 000 innbyggjarar.

Samlinga til Trondheim kunstmuseum blei oppretta i 1864, og blei kalla «Det faste galleri», eit namn som blei nytta fram til 1973. I den første fasen var bileta monterte i Stiftsgården og i Trondhjems Sparebank. I perioden 1891–1914 blei det kjøpt inn ein stor del bilete, mellom anna med innkjøpsmidlar frå Trondhjems Brændevinssamling på 51 000 kroner. Innkjøpa skjedde ofte gjennom «konkurranseutstillingar», der mange sentrale norske kunstnarar sende inn bidrag.[2] Samlinga auka i mellom- og etterkrigstida, og omfattar i dag over 5 000 verk.

Kjelder endre

  1. Trygve Lundemo, Storheter ligger gjemt i kjelleren, Adresseavisen, 23. november 2007
  2. Per Christiansen, 50 hovedverk fra Trondhjem Kunstforenings faste samling, Adresseavisen, 1994

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Trondheim kunstmuseum