Truels Wiel (17441807) var ein norsk kanselliråd og handelsmann, og blir rekna som stamfar til Halden-greina av slekta Wiel.

Truels Wiel
Fødd 1744
Død

1807 (63 år)

Yrke forretningsdrivande

Truels Wiel og broren Claus vart oppfostra hjå den eldste broren deira, Peder Wiel som opphavleg kom frå Strømsø i Drammen. Medan både Peder og Claus døydde barnlause, var Truels opphavet til ein familie som markerte seg sterkt innan handelslivet i det som då heitte Fredrikshald.

Si første utdanning som handelsmann hadde Truels Wiel i forretninga til broren Peder før han reiste utanlands for vidare studier. Då han kom attende byrja han for seg sjølv med tømmer- og trelasthandel. Etterkvart som dette kasta av seg, kjøpte han seg gradvis opp med skog og jordeigedomar i området rundt Fredrikshald. På slutten av 1700-talet vart han rekna som ein av dei største jordeigarane i Sør-Noreg. Hovudparten av eigedomane låg i Idd og Enningdalen, og mange av dei vart halden på familien sine hender i lang tid.

I tillegg til jordland, åtte Truels Wiel fleire sagbruk og bygardar i Fredrikshald. Han var òg reiar og hadde 7 av byen sine største skuter som alle gjekk i jamn fraktefart. I byen si teneste var han ei årrekke som stadskaptein.

Han var gift med Elisabeth Sophie Arbo, dotter av Strømsø-kjøpmannen Johannes Arbo. Saman hadde dei 8 born, to søner og fem døtrer. Arveoppgjeret etter Truels Wiel tok heile fem år å sluttføre, men synte til slutt ein eigedom på over 530.000 riksdalar som vart fordelt med 106.300 riksdalar på sønene Johannes og Mads. Døtrene fekk 53.150 riksdalar kvar.