Opna hovudmenyen

Trygve Friis Bull (13. august 190516. mars 1999) var ein norsk historikar, filolog og sosialistisk politikar frå Oslo. Han deltok i Mot Dag-gruppa. Under andre verdskrigen sat han i tysk fangenskap. Frå 1950-talet var han aktiv i norsk språkdebatt, der han stod på samnorsken si side, og var medlem av Språknemnda frå starten i 1952. Han møtte som fast stortingsrepresentant 1958-1964 og som vararepresentant 1964-1969 for Arbeidarpartiet. Han var ein engasjert EF-motstandar, og etter EF-avrøystinga valde han å gå ut av Arbeidarpartiet til fordel for Sosialistisk Valforbund, seinare Sosialistisk Venstreparti, der han var medlem av hovudstyret i perioden 1973-1975.

Trygve Bull
Trygve Bull.jpg
Fødd13. august 1905
Kristiania
Død16. mars 1999
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar, historikar, filolog
InstitusjonarBergen Katedralskole
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Oslo katedralskole
Grava til Trygve Bull på Vestre gravlund i Oslo

KjelderEndra