Trygve Hansson Wergeland (14. mars 190929. mai 1979) var ein bonde og industrigründer frå garden Steine ved Halsvik i Gulen kommune.

Trygve Wergeland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. mars 1909
Død

29. mai 1979 (70 år)

Unge år endre

Som ung reiste Trygve Wergeland til Calgary i Canada, men vendte tilbake til Steine i Gulen att i 1929. I 1934 fekk Trygve skøyte på farsgarden.

I 1930-åra tok Wergeland til å engasjera arbeidsfolk som reiv og klargjorde tomter i Bergen. Dei vart kalla ”Wergelandsgjengen” og var kjent for å vera tøffe og effektive. Dette heldt han fram med fram til andre verdskrigen tok til i 1940.

Trygve Wergeland gifte seg i 1937, og han og kona fekk seks born i lag. Eitt av dei var Hans Harry Wergeland.

Sementproduksjon endre

Alt i 1939 kjøpte han seg lastebil, og fekk kjøpt skøyte på nabogarden til Steine i 1944. I 1947, då Wergeland var i gang med å byggja ny løe på garden, oppdaga han store sandførekomstar på Steine. Dette kom godt med for å blanda betong som dei trong til løa, og utvikla seg etter kvart til det som skulle bli verksemda Halsvik Cementstøperi.

I 1955 starta han offisielt med produksjon av sementstein. Utstyret vart stadig betra etter kvart som produksjonen og økonomien auka. Han starta å byggja om løa på Steine til installering av betongblokkproduksjon.

Ny generasjon endre

I 1962 tok sonen Hans Harry Wergeland over som dagleg leiar i sementstøyperiet. Han investerte m.a. i bygningane til fiskemessa i Bergen, som han reiv og selde. Pengane vart m.a. brukt til innkjøp av nye, moderne maskiner til verksemda. I 1971 kjøpte Hans og systera Sølvi ut Trygve Wergeland frå verksemda.

I 1978 fekk Trygve Wergeland sjå at verksemda tok til med taksteinproduksjon, noko ho har halde fram med heilt fram til i dag. Verksemda er no flytt frå Steine til Sløvåg, har vakse enormt i omfang og fått namnet Wergeland-Halsvik AS.

Trygve Wergeland døydde i Gulen i 1979.

Kjelder endre