Trykknapp eller trykklås er eit par skiver av metall som kan verta samanhekta. Dei er festa til klede, vesker og liknande som lukke- og opne-mekanisme i staden for knappar med knappehol, glidelåsar, borrelåsar, hemper, lisser og anna.

Ein trykknapp består av to delar; hann-delen er utstyrt med ein liten tapp, ho-delen har ei lita fordjuping med ei fjør som held delane saman.

Den eine av dei to skivene har ein sirkulær tapp i midten, den andre har ei fordjuping der tappen passar inn. I denne fordjupinga er det ei lita fjør som sørgjer for at delane blir haldne saman til dei blir løysde frå kvarandre med eit lite rykk. Trykknappar kan festast til klesplagga ved hjelp av eit spesielt verktøy og hamrast på plass. Små trykknappar kan òg syast på plass.

Trykknappar vart først patentert av den tyske oppfinnaren Heribert Bauer i 1885[1] som Federknopf-Verschluss, ei ny oppfinning for å festa beinkleda til menn. Andre har tillagt oppfinninga til ein danske som heitte Bertel Sanders.

Trykknappar vert ofte brukte i barnetøy fordi dei er relativt lette å bruka for barn. I barnetøy som boblejakker og parkdressar er trykknappane no ofte erstatta med borrelås.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Vor 120 Jahren: Heribert Bauer lässt den Druckknopf patentieren» (på German). 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Trykknapp