Tsarevna er ein russisk kongeleg tittel for ei dotter av ein tsar eller kona til ein tsarevitsj.[1]

Ei tsarevna. Måleri av Vasilij Surikov frå 1800-talet.

Før 1721 viste tittelen til ei dotter av ein tsar. Tilsvarande omgrep for søner var tsarevitsj.[2] I 1721 tok den russiske monarken tittelen keisar eller tsar, og deretter blei tsarevna brukt om den russiske kronprinsessa. Andre barn og nære direkte etterkomarar av tsaren hadde frå då av tittel som storfyrste eller storfyrstinne.[2]

Tsarevnaer som var døtrer av tsaren blei hovudsakleg verande ugifte, og levde liva sine i kloster eller i Terempalasset. Døtrene til Ivan V var eit unntak. Dottera hans Katarina blei gift med hertug Karl Leopold av Mecklenburg-Schwerin, den seinare tsarinaen Anna av Russland blei gift med hertug Fredrik Wilhelm Kettler av Kurland, og Praskovja Ivanovna blei gift med general-prins Ivan Iljitsj Dmitriev-Mamonov.

Tsarevna er ei av rollene i balletten Eldfuglen av Igor Stravinskij.

Kjelder endre

  1. «tsarevna», Oxford Reference (på engelsk), doi:10.1093/acref/9780195392883.001.0001/m_en_us1300754, henta 9. november 2020 
  2. 2,0 2,1 Bratberg, Terje. (15. februar 2009). Tsarevitsj. I Store norske leksikon. Henta 13. mai 2016.