Tsjadbassenget
(Omdirigert frå Tsjadbekkenet)
Tsjadbassenget er eit sedimentasjonsbasseng i Tsjad, Kamerun, Nigeria og Niger. Hovuddelen av Tsjadsjøen ligg i dag i Tsjad og Kamerun. Frå søraust kjem hovudtilløpa Chari og Logone. Strandlinjer viser at Tsjadsjøen tidlegare har hatt ein særs stor utstrekking. År 4000 f.Kr dekte Tsjadsjøen eit areal på 400 000 km². Innsjøsedimenta indikerer tørkeperiodar år 8500 f.Kr, 5500 f.Kr, 2000 f.Kr og 100 f.Kr. I dag er innsjøen igjen i ferd med å dampe inn.
Tsjadbassenget | |||
sedimentasjonsbasseng | |||
Land | Tsjad, Sudan Den sentralafrikanske republikken, Kamerun Nigeria, Niger Algerie | ||
---|---|---|---|
Tsjadbassenget 16°30′N 18°00′E / 16.5°N 18°E | |||
Kart som viser Tsjadbassenget.
|
Bassenget er endorheisk som vil sei at det ikkje har utløp som flyt til havet.
Kjelder
endre- Askheim, Svein (3. mai 2009). «Tsjadbassenget». Store norske leksikon. Henta 8. februar 2014.