Niger
Republique du Niger
(norsk: Niger, nigersk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «La Nigérienne» | ||||||
Motto | Fraternité, Travail, Progrès (Brorskap, arbeid og fremskritt) | ||||||
![]() | |||||||
Offisielle språk | Fransk, hausa, djerma, tamajaq | ||||||
Hovudstad | Niamey | ||||||
Styresett |
Republikk Mahamadou Issoufou Brigi Rafini | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
1 267 000 km² (21.) 0,02 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
19 245 344 (61.) 15,2 /km² (175.) | ||||||
Sjølvstende frå Frankrike |
3. august 1960 | ||||||
Nasjonaldag | 18. desember (Republikkens dag) | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
18 960 mill. USD (142.) 1 300 USD (190.) | ||||||
Valuta | CFA-franc (XOF) | ||||||
Tidssone | UTC +1 | ||||||
Telefonkode | +227 | ||||||
Toppnivådomene | .ne
|
Niger er ein stat i Vest-Afrika, og har grense i nord mot Algerie og Libya, i aust mot Tsjad, i vest mot Burkina Faso og Mali og i sør mot Nigeria og Benin. Niger er eit av verdas varmaste land og 80 % av landet er i ørkenen Sahara.
Niger er eit fattig land og har også i vår tid sveltekatastrofar.
KlimaEndra
Vêret i Niger er preget av det subtropiske høytrykksbeltet og korleis dette endrar seg med årstidene. Dei nordlege områda av Niger strekkjer seg inn i Sahara og har ein årsnedbør under 50 mm. Temperaturen er høgast i april–mai med middeltemperaturar 33–34 °C, lågast i januar med 18–22 °C.
Dei sørlege områda er ein del av savannelandskapet Sahel, som får regntid mellom mai og september. Regnmengdene kan derimot variere ein god del frå år til år og berre kring 10 % av landet har ein årsnedbør over eller omkring 500 mm. Niamey, som ligg heilt sør i landet har ein årleg nedbørsnormal på 554 mm. Årstemperaturen i savannestrøket er omkring 28 °C, medan middeltemperaturen i januar går ned i 22–25 °C. Både dei daglege og årlege temperatursviningane er store. Niamey har til dømes ein årsamplitude på 10 °C og ein dagleg middelamplitude på 16 °C.