Tsjaja ved Lena
Tsjaja (russisk Чая) er ei elv i republikken Burjatia og Irkutsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Lena frå høgre.
Tsjaja | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 11 400 km² | ||
Lengd | 353 km | ||
Middelvassføring | 300 m³/s | ||
Kjelde | Verkhneangarskogo | ||
• høgd | 1 775 moh. | ||
Munning | Lena | ||
Tsjaja ved Lena 58°14′10″N 109°33′30″E / 58.23611111°N 109.55833333°E | |||
Wikimedia Commons: Chaya River |
Tsjaja spring ut frå fjellet Verkhneangarskogo og renn over Nord-Bajkalhøglandet mot nordvest. Ved elva veks lerk, gran og furu. Elva er rik på fisk og er ei populær elv for vassport med om lag 40 stryk.
Sideelvar
endreFrå venstre: Olokit, Abtsjala, Akukan, Tsjiko, Guljakit, Nyrunda, Koganda, Kiljakta, Zverinaja, Tsjajskij, Glubokij, Petrovskij og Krivososjenskij.
Frå høgre: Njusidjok, Amutberen, Koloktakan, Tupo, Asiktaka, Izvilistyj, Magdana, Nalimda, Tulbukonovskaja, Kamennyj, Porozjnyj, Rubtsjenok, Berjozovyj, Limpeja, Ugot-Pad, Tsjprikha og Krasnyj.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Чая (приток Лены)» frå Wikipedia på russisk, den 22. oktober 2008.