Tsjekalin
by i Russland
Tsjekalin (russisk Чека́лин), tidlegare kjend som Likhvin (russisk: Лихвин) er ein by i Tula oblast i Russland med om lag 1000 innbyggjarar. Han ligg ved venstre breidda av elva Oka, 90 km vest for Tula.
Tsjekalin Чекалин | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Tula oblast | ||
Grunnlagd Bystatus |
1565 1776 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2007) |
1 000 | ||
Koordinatar | 54°06′N 36°15′E / 54.100°N 36.250°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | +7 48763 |
Tsjekalin er den nest minste byen i Russland, men vil truleg snart verte den minste, sidan den minste byen, Magas, er venta å vokse som ny hovudstad i Republikken Ingusjetia.
Fram til 1944 heitte staden Likhvin, før det vart endra til Tsjekalin for å ære den sovjetiske partisanen Aleksander Tsjekalin.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Tsjekalin» frå Wikipedia på bokmål, den 3. februar 2009.
Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.