Den eurasiske plata

(Omdirigert frå Den eurasiatiske plata)

Den eurasiske plata er ei jordskorpeplate som omfattar det meste av Eurasia (Europa og Asia), bortsett frå Den arabiske halvøya, Det indiske subkontinentet og området aust for Tsjerskijfjella i Sibir. Plata grensar mot den nordamerikanske i nord, vest og aust, den filippinske kontinentalplata i søraust og den afrikanske, den arabiske og den indo-australske kontinentalplata i sør.

██ Den eurasiske kontinentalplata i grønt

Den eurasiske og den nordamerikanske plata beveger seg frå kvarandre i vest, der ein finn Den midtatlantiske ryggen med Island og vulkanar som Eldfell, og i nord, der ein finn Gakkelryggen i Nordishavet. Den afrikanske plata beveger seg sakte mot den eurasiske og dannar ein subduksjonssone. Også Den filippinske plata undergår subduksjon. Den arabiske plata presser opp Zagrosfjella og den indiske Himalaya.

KjelderEndra