Verkhojanskfjella (russisk Верхоянский хребет; Verkhojanskij khrebet) er ei fjellkjede aust i Sibir med ei lengd på om lag 1000 km gjennom republikken Sakha i Russland. Ho dannar ein stor boge mellom Lena og Aldanelva i vest og Janaelva i aust. Den høgaste fjelltoppen ligg i sør og er 2480 meter over havet. Det er kol, bly, sølv og sink i fjella. Fjellkjeda ligg like vest for grensa mellom den eurasiatiske plata og den nordamerikanske plata.[1]

Den lågaste temperaturen som er målt i eit busett område er registrert i denne regionen, som har eit djup snødekke det meste av året. Under siste glasiale maksimum hadde fjellkjeda store isbrear som har gjeve fjella ein alpin karakter.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  1. News Archive - The Earth Institute at Columbia University

Koordinatar: 67°00′N 129°00′E