Tsjetsjen (russisk Остров Чечень; Ostrov Tsjetsjen) er ei øy like ved vestkysten av Kaspihavet i Russland. Øya høyrer til republikken Dagestan.[1] Ho ligg 20 km aust for Krainovka like nord for Agrakhan-halvøya.[2]

Tsjetsjen
øy
Land  Russland
Del av Chechen Archipelago
Kart
Tsjetsjen
43°58′47″N 47°41′13″E / 43.979722222222°N 47.686944444444°E / 43.979722222222; 47.686944444444
Wikimedia Commons: Chechen' Island
Satellittbilde over Agrakhan-halvøya med Tsjetsjen like utanfor spissen.

Øya har ei lengd på 19 km og er opp mot 9 km på det breiaste. Havet rundt Tsjetsjen frys vanlegvis til mellom januar og mars. Av nærliggande øyar finn ein Lopatin (òg kalla Lopatina), Bazar, Prygunki, Pitsjuzjonok og Jaitsjnij.

Det er mange fuglar på Tsjetsjen, særleg måsar.[3]

Kjelder

endre
  1. Dagestan
  2. Worldmaps - Location, arkivert frå originalen 9. januar 2008, henta 11. april 2016 
  3. Prosjekt for biologisk mangfald i Kaspihavet
43°57′58″N 47°45′22″E / 43.966°N 47.756°E / 43.966; 47.756