Tsjuvansk
- Må ikkje forvekslast med tsjuvasjisk.
Tsjuvansk | ||
Klassifisering: | Jukagirsk Tsjuvansk | |
Bruk | ||
Var tala i: | Russland | |
Utdøydd: | 1700-talet eller før[1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3: | xcv |
Tsjuvansk var eit jukagirsk språk som blei tala i austlege Sibir. Det danna eit dialektkontinuum med dei to gjenlevande jukagirske språka, nordjukagirsk og sørjukagirsk.[2] Språket døydde truleg ut i eller før 1700-talet.[1] Dei einaste restane av språket er 22 frasar nedskrivne av I. Bentsing, og ei ordliste på 210 ord nedskriven av Fjodor Matjusjkin.[3] Språkdøden til tsjuvansk kom av at tsjuvanarar gjekk over til å bruka luoravetlansk og russisk.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Chuvantsy» (på engelsk). MultiTree.
- ↑ Oliver Guy Tailleur (1962). «Le dialecte tchouvane du youkaghir». Ural-Altaische Jahrbücher (på fransk). s. 55–99.
- ↑ J.A. Krejnovitsj. «Чува́нский язы́к» (på russisk). Лингвистический энциклопедический словарь. Henta 16. mars 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Tsjuvansk» frå Wikipedia på bokmål, den 4. juli 2021.